Skogfond

Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Føremålet med skogfond er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som vyrket kjem frå, eller i annen skog som skogeigaren har.

Avsetting av skogfond er heimla i skoglova. Skogfondet er sett saman av midlar som skogeigaren pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Kvar skogeigedom har ein eigen fondskonto, og skogfondsmidlane er knytt til skogeigedommen.

Les meir om skogfond på Bondeboka.no.


Publisert 23.03.2021

Endra tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbyggingar mm.

Landbruksdirektoratet har endra si tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbygging mm. Avsetting av skogfond gjeld virke, ikkje grunnen.


Publisert 23.04.2020

Endra reglar for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige og bruk av skogfond

Landbruksdirektoratet har endra praksisen for bruk av skogfond for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige. Dei kan no nytte skogfond med skattefordel til også å dekke meirverdiavgifta på investeringa.