Gjødsel og pressaft

Husdyrgjødsel er viktig plantenæring, men også opphav til miljøproblem. Det finnast fleire krav og verkemiddel som skal medverke til god utnytting av gjødsla. Bonden har stor eigeninteresse av å nyttiggjere seg husdyrgjødsla. 


Publisert 15.04.2021

Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for klimaet, effektivt for bonden og godt for grasveksten. Økonomisk og agronomisk gevinst er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot gjennom regionalt miljøprogram sikrar god økonomi.


Publisert 09.12.2020

Oppsamling og disponering av pressaft frå fôrlager

Interesse for lagring av grovfôr i silo har ført til ein del spørsmål kring oppsamling og disponering av pressaft.


Publisert 16.10.2020

Spreieareal for husdyrgjødsel

Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.


Publisert 30.09.2020

Tilskot til gjødsellager

Kommunane er oppmoda om å prioritere etablering av dekke over gjødsellager ved tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Innovasjon Norge har også eit tilskot til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke. Etablering av dekke dempar utslepp til luft og aukar lagerkapasiteten for husdyrgjødsel.


Publisert 30.09.2020

Mindre haustspreiing av husdyrgjødsel

Fylkesmannen rår til at kommunane normalt ikkje tillèt seinare frist enn 1. september for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding / nedfelling.