Frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten

Gylling.
Gylling. Foto: Norsk Landbruksrådgivning Vest .

Husdyrgjødsel kan spreiast på grasmark fram til 1. september. Når kommunen gjev løyve til det, kan fristen utsetjast seinast til 1. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.08.2022

Det har vore uvanleg mykje nedbør i Vestland denne sommaren, og for mange har det vore utfordrande å spreie all husdyrgjødsla gjennom sesongen. Nedbør og sein slått gjer at nokre føretak ikkje når fristen 1. september.

Kommunen må vurdere kvar søknad

Kommunen har normalt ikkje høve til å gi generell utsett spreiefrist for husdyrgjødsel utan at det er fastsett i ei lokal forskrift. Føretak som vurderer å spreie gjødsel etter fristen må difor sende ein skriftleg søknad til kommunen. Kommunen må då vurdere om klimatiske tilhøve og vasskvalitet i vassdrag tillèt slik dispensasjon, jf. vilkåra i § 23 i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav. Kommunen kan setje vilkår til gjødslinga av omsyn til vassmiljø. Spreiing på grasmark bør gjennomførast så tidleg i vekstsesongen at det blir ein gjenvekst som kan bli slått eller beita. For å sikre god utnytting av gjødsla bør det vurderast om husdyrgjødsel kan bli flytta til anna lager for spreiing neste sesong.

Lokale gjødselforskrifter

Mange kommunar har vedtatt ei lokal forskrift med spreiefrist etter 1. september. Dette kan gjelde for heile eller delar av kommunen. Oversikt over kva kommunar dette er.

Avgrensingar for kommunen

Ved handsaming av enkeltsøknader kan kommunen nytte § 23 for å gje utsett frist for spreiing på eng. Normalt vil det vere ein frist mellom 1. september og 1. oktober. I særlege høve kan kommunen nytte § 31 og gje løyve til spreiing på eng fram til 1. november. I Vestland med svært mykje nedbør er det generelt betre å gje dispensasjon for spreiing på eng enn å tilråd pløying og nedmolding så seint om hausten at det ikkje vert etablert ny grasvekst på arealet før vinteren.

Kriseløysing ved særskilde høve

I § 31 opnar forskrifta for at kommunen i særlege høve kan gje dispensasjon m.a. frå kravet om spreiefrist. Dette kan vere ein generell utsett frist på grasmark for heile eller deler av kommunen etter 1. september. Det kan også gjelde for enkeltsøknader på grasmark etter 1. oktober. Ein dispensasjon krev sakshandsaming i kommunen som grunngjev kvifor det er eit særskild høve, ei vurdering  av konsekvensar for tilgrensande vassdrag og eventuelt vilkår for spreiing. Slike vilkår kan vere avstand til vassdrag, mengde gjødsel eller meldeplikt til kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.