Skal du spreie husdyrgjødsel i år?

Blå himmel, fjell med snø på toppane, skog, rød traktor, nedlegging av gjødsel med nedleggingsutstyr
Traktor med slepeslange og nedleggingsutstyr. RMP-tilskot til nedlegging med tilførselslange. Foto: Martin Grønnesby Søgnen, Statsforvaltaren i Vestland.

Pass på å gjødsle på rett måte no, for å kunne søke om RMP-tilskot til hausten.

Publisert 22.03.2024

Det er gode tilskotsordningar for gjødselhandtering i regionalt miljøprogram. Nokre ordningar gjeld heile fylket slik som stripespreiar og slepeslange. Andre gjeld for prioriterte vassdrag. Lenker til desse finn du i høgre marg.

I 2023 vart det gjort fleire endringar knytt til nytt regionalt miljøprogram for perioden 2023-2026. I år vil dei største endringane vere knytt til ordninga Kantsone i eng. Vi har utvida ordninga, og tatt med nye vassdrag i tillegg til alle dei som var med i 2023. Så det kan vere aktuelt å søke i år, sjølv om du ikkje kunne søke i fjor!

Tabellen syner dei nye vassdraga i 2024 som vi tek utgangspunktet i når vi lager dei prioriterte områda, desse kjem i tillegg til dei som var prioriterte område i fjor.

VassførekomstID Namn på vassførekomst Elv/innsjø Kommune
039-193-R Viksefjorden - Smørsund bekkefelt Elv Sveio
041-1476-L Vigdarvatnet Innsjø Sveio
052-239-R Granvinvassdraget bekkefelt Elv Voss
052-266-R Vikelva nedstrøms inntak Skålheim kraftverk Elv Kvam
054-8-R Tysnesøya bekkefelt Elv Tysnes
060-69-R Osterfjorden bekker ved Lonevågen Elv Osterøy
062-282-R Dyrvo bekkefelt Elv Voss
077-88-R Sogndalselvi bekkefelt Elv Sogndal
080-184-R Elv fra Mølmesdalstjørna Elv Høyanger
080-50-R Alvedalsvassdraget Elv Høyanger
080-84-R Årbergselva, Ykslandselva Elv Sunnfjord

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.