Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen (gjeld kun for område nær prioriterte vassdrag med elvemusling)

Lonevassdraget på Osterøy er eit av vassdraga med elvemusling. I slike område er det tilskot for å spreie all husdyrgjødsel innan 10. august.
Lonevassdraget på Osterøy er eit av vassdraga med elvemusling. I slike område er det tilskot for å spreie all husdyrgjødsel innan 10. august. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

NB! Endra regelverk frå og med 2022.
Tilskotet gjeld areal nær vassdrag med elvemusling. Her kan det for utvalde føretak gjevast tilskot for å spreie all husdyrgjødsel eller biorest føretaka skal spreie innan 10. august. Formålet med tiltaket er å redusere spreiing av husdyrgjødsel om hausten ved vassdrag med elvemusling. Tiltaket gjeld kun for dei areala der det blir spreidd husdyrgjødsel.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 21.03.2022

Nytt frå 2022:

  • To nye vassdrag: Sørelva (Etne) og Mjåtveitelva (Alver)
  • Tiltaket gjeld berre utvalde føretak definert ut frå produksjon og driftsomfang (sjå under)


Tilskotet gjeld føretak som disponerer areal i nedbørsfelt for elvemuslingsvassdrag (sjå kart og lister over vassdrag og føretak under) og som har produksjon med mjølkekyr eller har storfe, gris eller fjørfe med omfang berekna til 15 gjødseldyreiningar (GDE) eller meir.

Tabell: Vassdrag som inngår i tiltaket. 

Kommune Vassdrag/del av vassdrag
Alver Mjåtveitelva
Bergen Haukåselva
Bergen Osvassdraget
Bjørnafjorden
Bjørnafjorden Døsjaelva, Nore Neset
Bømlo Åreidelva, Oldereide
Etne Sørelva
Fitjar Fjordbekken
Kinn Nyttingeneselva
Kvam Røyrvikelva
Osterøy Lonevassdraget
Samnanger Skjelåna, Hisdal (og Nordbøvassdraget)
Stad Dalsbøvassdraget
Stad Maurstadelva
Sunnfjord Redalselva
Tysnes Kvernaviksbekken, Hope

 

Her finn du liste over føretak som kan kome inn under tiltaket. Lista er basert på opplysningar registrert i produksjonstilskot i 2021 og er ikkje nødvendigvis uttømmande. Andre føretak som fyller vilkåra i søknadsåret har òg rett til tilskot.

Vilkår :

  • All husdyrgjødsel / biorest som føretaket disponerer må bli spreidd seinast 10. august. For å sikre nok lagerkapasitet gjennom vinteren, bør gjødsellageret då vere tømt.
  • Tilskotet gjeld berre areal der det blir spreidd husdyrgjødsel / biorest. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar på det arealet ein søker tilskot for. Det er ikkje krav om å nytte alt spreieareal ein disponerer.
  • For godkjende føretak kan det gjevast tilskot for alt fulldyrka og overflatedyrka areal som føretaket disponerer. Det kan og gjevast tilskot for innmarksbeite som med vedtak er godkjent som spreieareal.
  • Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter gjødslinga i søknadsåret.
  • Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.
  • Tilskotet kan ikkje kombinerast med Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging eller Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange/slepeslange.


Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 180 per daa
    Det kan gjevast tilskot for inntil 250 daa per føretak
    (Tiltaket gjeld spreiing av husdyrgjødsel innan 10.august på godkjent spreieareal  for utvalde føretak som disponerer areal nær  elvemuslingsvassdrag, og som anten har mjølkekyr eller har produksjon med storfe, gris eller fjørfe med omfang berekna til 15 gjødseldyreiningar (GDE) eller meir. Kravet til spreietidspunkt gjeld for all spreiing av husdyrgjødsel som føretaket disponerer)
Elvemusling.
Elvemusling. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Kartavgrensing

Sjå kart under som viser  kva vassdrag som inngår i tiltaket. Klikk eventuelt på Fullversjon for å sjå kartet i fylkesatlas, der du kan skru på kartlag med jordbruksareal og eigedomsgrenser.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP