Tilskot til kantsone i eng (gjeld kantsoner utan gjødsling og sprøytemiddel langs prioriterte vassdrag)

Eng nær vassdrag. Ei sone 4 meter inn frå elva er ikkje gjødsla.
Eng nær vassdrag. Ei sone 4 meter inn frå elva er ikkje gjødsla. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan i prioriterte og kartfesta område gjevast tilskot for å ha ei kantsone i eng langs kanten mot vassdrag. Formålet med tilskotet er å stimulere til at areal som grensar mot vassdrag ikkje blir gjødsla eller sprøyta.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 03.05.2021

Tiltaket gjeld for fulldyrka og overflatedyrka areal. Tiltaket omfattar ikkje innmarksbeite.

Ein kan berre motta tilskot til kantsone på jordbruksareal langs prioriterte vassdrag. Avstanden frå enga til normalvasstanden til vassdraget kan maks vere to meter, sjå figur under. Sona det blir gitt tilskot for skal ha ei breidde på minst fire meter målt frå normalvasstanden til vassdraget, og minst to meter av kantsona skal liggje på fulldyrka eller overflatedyrka areal.

Figur 1: Døme. For å kunne motta tilskot, må kantsona i enga vere brei nok. Vidare må det ikkje vere for stor avstand frå enga til vassdraget.

Kantsona på jordbruksarealet skal haustast ved slått eller beiting i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli. Det skal ikkje brukast plantevernmiddel i kantsona.

Tiltaket gjeld vassdrag og delar av vassdrag med årsikker vassføring. Årsikker vassføring er vassføring som ikkje tørkar ut i vekstsesongen oftare enn kvart tiande år.

Tiltaket gjeld i prioriterte område ved vassdrag og delar av vassdrag lista opp i tabellen under. Konkret avgrensing av kva areal som kan ha rett til tilskot kjem fram i kart i elektronisk søknadsportal. Prioriterte område er og kartfesta i Fylkesatlas (www.fylkesatlas.no), sjå kart lenger ned.

Tabell 1: Vassdrag med prioriterte område for tilskot til kantsone i eng. Konkret avgrensing av kva areal som kan godkjennast kjem fram i kart i elektronisk søknad og i Fylkesatlas (sjå omtale over).

Kommune Vassdrag/del av vassdrag
Alver Eikangervassdraget, frå Fammestadtjørnet og ned til fjorden
Alver Hallandsvassdraget
Bergen Haukåselva
Bergen, Bjørnafjorden Osvassdraget
Bjørnafjorden Døsjaelva
Bjørnafjorden Osvassdraget
Bømlo Åreideelva
Fitjar Fjordbekken
Gloppen Svoragrova/Høgegrova (ved Myklebust)
Gulen Elva ved Sande, Sandøyna
Kinn Nyttingeneselva
Stad Maurstadelva
Kvam Røyrvikelva
Luster Dalselvi (Indre Hafslo)
Osterøy Lonevassdraget
Samnanger Skjelåna og Nordbøvassdraget
Stad Dalsbøvassdraget
Sunnfjord Stardalselva frå Åmot til Øygarden, med sidebekkar
Sunnfjord Storegrova (ved Eikås)
Sunnfjord Redalsvassdraget
Sveio Vigdarvassdraget i Sveio kommune
Tysnes Kvernaviksbekken
Vaksdal Eksingevassdraget frå Gullbrå til Flatekval
Vik Hopra

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 15 per løpemeter kantsone
    Inntil 1000 meter per føretak
    (Kantsone i eng utan gjødsling og sprøytemiddel langs prioriterte vassdrag)

Kartavgrensing

Sjå kart under for kva areal det er mogleg å søkje tilskot for. Tilskot til kantsone i eng gjeld både raude felt (område med elvemusling) og blå felt (område der jordbruk er medverkande årsak til dårleg vasskvalitet).

Tiltaka gjeld areal som har drenering mot dei aktuelle delane av vassdraget, og i nokre høve også for andre areal i nærleiken. Det kan difor vere viktig å zoome heilt inn for å sjå nøyaktig avgrensing.

Klikk eventuelt på Fullversjon for å sjå kartet i fylkesatlas, der du kan skru på kartlag med jordbruksareal og eigedomsgrenser.

Døme på korleis ein kan sjå areala i fylkesatlas
Døme på korleis ein kan sjå areala i fylkesatlas

Naturleg vegetasjon langs vassdrag

Langs vassdrag med årsikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg vegetasjonsbelte (kantvegetasjon) som motverkar avrenning og gjev leveområde for planter og dyr, jf vassressurslova § 11. Det er ikkje krav om å etablere kantvegetasjon der denne ikkje finst eller vart fjerna før 2001. Statsforvaltaren kan gje fritak for kravet om kantvegetasjon langs vassdrag. Sjå NVE sin rettleiar om kantvegetasjon for meir informasjon.

Ved nydyrking skal ein setje igjen ei vegetasjonssone langs vassdrag. Denne skal vere minst 6 meter brei langs vassdrag med årsikker vassføring.