Tilskot til kantsone i eng (gjeld kantsoner utan gjødsling og sprøytemiddel langs prioriterte vassdrag)

Viser eng og tre langs elv
Eng nær vassdrag. Ei sone 4 meter inn frå elva er ikkje gjødsla. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det kan i prioriterte og kartfesta område gjevast tilskot for å ha ei kantsone i eng langs kanten mot vassdrag. Formålet med tilskotet er å stimulere til at areal som grensar mot vassdrag ikkje blir gjødsla eller sprøyta.

Publisert 16.07.2019, Sist endret 08.04.2024

NB! Tiltaket er i 2024 utvida til å gjelde fleire vassførekomstar enn tidlegare. Sjå oversikt over vassførekomstane som inngår i tiltaket i kart under.

Kantsona skal ikkje gjødslast eller sprøytast i søknadsåret. Tiltaket gjeld for fulldyrka og overflatedyrka areal. Tiltaket omfattar ikkje innmarksbeite.

Ein kan berre motta tilskot til kantsone på jordbruksareal langs prioriterte vassdrag. Sona det blir gitt tilskot for skal ha ei breidde på minst fire meter målt frå normalvasstanden til vassdraget, og minst to meter av kantsona skal liggje på fulldyrka eller overflatedyrka areal. Avstand mellom vassdrag og gjødselfri kantsone kan ikkje vere meir enn åtte meter.

Figur 1: Døme. For å kunne motta tilskot, må kantsona i enga vere brei nok.

Kantsona på jordbruksarealet skal haustast ved slått eller beiting i søknadsåret. Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli. Det skal ikkje brukast plantevernmiddel i kantsona.

Tiltaket gjeld vassdrag og delar av vassdrag med årsikker vassføring. Årsikker vassføring er vassføring som ikkje tørkar ut i vekstsesongen oftare enn kvart tiande år.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 20 per løpemeter kantsone
    Inntil 1500 meter per føretak
    (Kantsone i eng utan gjødsling og sprøytemiddel langs prioriterte vassdrag)

Kartavgrensing

Tiltaket gjeld i prioriterte område ved vassdrag og delar av vassdrag. Konkret avgrensing av kva areal som kan ha rett til tilskot kjem fram i kart i elektronisk søknadsportal. Prioriterte område er og kartfesta i Fylkesatlas, sjå kart under.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Naturleg vegetasjon langs vassdrag

Langs vassdrag med årsikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg vegetasjonsbelte (kantvegetasjon) som motverkar avrenning og gjev leveområde for planter og dyr, jf vassressurslova § 11. Det er ikkje krav om å etablere kantvegetasjon der denne ikkje finst eller vart fjerna før 2001. Statsforvaltaren kan gje fritak for kravet om naturleg kantvegetasjon langs vassdrag

Ved nydyrking skal ein setje igjen ei vegetasjonssone langs vassdrag. Denne skal vere minst 6 meter brei langs vassdrag med årsikker vassføring.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP