Mindre haustspreiing av husdyrgjødsel

Fylkesmannen rår til at kommunane normalt ikkje tillèt seinare frist enn 1. september for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding / nedfelling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2020

Kommune har høve til å gje utsett frist, men Fylkesmannen rår til at dette blir handtert med søknad og enkeltvedtak, heller enn lokal forskrift som gir ei generell utsetjing. Kommunen har ikkje heimel til å gi utsett frist for gjødselspreiing i område der elvar og bekkar har dårleg vasskvalitet, eller står i fare for å få dårlegare vasskvalitet. Der ein ikkje klarer å nå god vasskvalitet, skal kommunen stille meir restriktive krav til bruk av husdyrgjødsel.

Tidspunkt for gjødselspreiing er regulert i Forskrift om organisk gjødsel § 23. Her heiter det at spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding / nedfelling skal skje innan 1. september. Kommunen kan likevel med forskrift eller enkeltvedtak tillate ein seinare frist, men ikkje seinare enn 1. oktober. Dette føreset at dei klimatiske tilhøva og vasskvalitet i kommunen tillet det. Kommunen har ikkje heimel til å gi utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel der vasskvaliteten ikkje tillet dette.

Bruk av kommunen sin myndigheit innan gjødselregelverk og landbruksforvalting generelt er viktig for å nå måla om godt vassmiljø. Kvar kommune har ansvar for å gjennomføre nødvendige tiltak for å følgje opp vassforvaltingsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram, jmf. arbeid etter vassforskrifta.

Gjødselspreiing etter 1. september er ikkje å tilrå

Gjødsel skal spreiast når plantene har trong for næringa. Difor bør husdyrgjødsel spreiast så tidleg i vekstsesongen at det gir betydeleg grasvekst som blir hausta eller beita. Med sein haustspreiing er det fare for at næringa blir vaska ut i vassdraga, og dette kan bidra til dårleg vasskvalitet. Agronomisk er det sjeldan behov for gjødsling etter 1. september. Ein vil normalt rekke å gjødsle til ein eventuell tredjeslått, haustbeiting eller haustattlegg før dette.

Nokre bønder har behov for å køyre ut gjødsel seinare om hausten for å få plass til gjødsla som kjem om vinteren. Dette bør heller løysast med å utvide lageret framfor å tillate spreiing etter 1. september. Vi minner om at Innovasjon Noreg har tilskot til nye gjødsellager, og at det gjennom SMIL-ordninga er tilskot til tak /dekke over opne gjødsellager. Sjå nettsak om tilskot til gjødsellager. Innan SMIL-tilskot legg Fylkesmannen opp til prioritering av forureiningstiltak, slik at søknader om til dømes dekke over gjødsellager kan utløyse ekstra SMIL-midlar til kommunen. Ein kan òg auke kapasiteten ved å leige plass i ledige, eigna lager.

Fylkesmannen rår til å bruke enkeltvedtak

Fylkesmannen rår kommunane til å ikkje ha generell utsett frist for gjødselspreiing i lokal forskrift. I dei tilfella der det blir behov for gjødsling utan nedmolding / nedfelling etter 1. september er det betre å handtere dette med enkeltvedtak. Kommunen kan då vurdere om det er eit agronomisk behov eller om behovet skuldast manglande lagerkapasitet, slik at ein kan gripe fatt i denne utfordringa. Vidare kan kommunen i eit enkeltvedtak setje detaljerte vilkår om avstand, teig, mengd og tid for å redusere risikoen for påverknad til vassdrag. Enkeltvedtak kan såleis vere meir eigna til å unngå negativ påverknad til vassmiljø ved ein sein haustgjødsling.

Krav om tiltak for betre vassmiljø og for å unngå forverring

Å redusere omfang av haustspreiing med gjødsel kan vere eitt av vassmiljøtiltaka som trengst for eit vassdrag eller i delar av eit vassdrag. Diffus avrenning frå jordbruksareal i Vestland er oftast knytt til bruk av husdyrgjødsel. Tilstanden og påverknad frå jordbruket kan ein finne i Vann-Nett.

Etter vassforskrifta (§ 4) er det mål om at overflatevatn skal bli forbetra slik at vassførekomstane skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand, i tråd med spesifikke kriterium. Der tilstanden ikkje når opp til «god» i dag, er hovudregelen at ein skal setje i verk miljøforbetrande tiltak. Vatnet skal òg bli beskytta mot å få dårlegare kvalitet enn i dag. Der tilstanden er «god» men trua i dag, kan førebyggande og beskyttande tiltak vere aktuelle.

Kommunen skal stille strengare krav der ein ikkje når måla for vasskvalitet

Etter forskrift om organisk gjødsel (§ 24 femte ledd) har kommunen heimel til å stille krav til større spreieareal enn 4 dekar fulldyrka / overflatedyrka per gjødseldyreining (GDE). Regelverk om spreieareal er omtalt på nettsida vår. Kommunen har òg heimel til å forby spreiing av husdyrgjødsel med nedmolding etter 1. september (§ 23 fjerde ledd).

Det er behov for forsterka innsats mot forureining frå jordbruk for å oppnå målet om god tilstand i alle landbrukspåverka vassførekomstar. I område der iverksette tiltak ikkje er tilstrekkelege til å nå miljømåla, skal ein innføre meir forpliktande krav. Kommunen sin heimel til å stille meir restriktive krav til spreietidspunkt og spreieareal-/mengd skal då bli teke i bruk der det er nødvendig for at miljømåla etter vassforskrifta blir nådd innan 2027, og seinast innan 2033. Dette er presisert i «Nasjonale føringer for arbeidet med oppdatering av de regionale vannforvaltningsplanene», eit brev frå Klima- og miljødepartementet til vassregionmyndigheitane, mars 2019.