Oppsamling av pressaft

Krav til at silopressaft ikkje skal gi fare for forureining gjeld òg for utesilo og lagring av rundballar. Her er praktiske tips, inkludert tilsyn av eldre tårnsiloar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2020, Sist endra 02.02.2022

Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav omfattar også silopressaft, jf. § 21. Krava gjeld alle former for ensilering av plantemateriale der det blir pressaft, inkludert vanleg grassilo, mellombels utesilo, rundballar og andre lagringsmetodar.

Silopressaft skal samlast opp og lagrast slik at den ikkje fører til forureining eller fare for forureining. Eigar / brukar har ansvar for å passe på dette. Ved nybygging, utviding og utbetring av siloanlegg skal tekniske retningslinjer fastsett av Landbruksdepartementet følgjast. Det er kommunen som godkjenner siloanlegg og fører tilsyn.

Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav

Silo

Detaljar for disponeringsmåtar og utforming av silopressaftanlegg går fram av tekniske retningslinjer for oppsamling og disponering av pressaft frå siloar fastsett av Landbruksdepartementet, 22.07.93.

Om praktisering av forskrift om silopressaft ved ensilering i rundballar
Typeteikning - oppsamling av pressaft frå plansilo
Typeteikning - oppsamling av pressaft frå tårnsilo


Plansilo utan tak

I samband med større ombygging eller utviding av produksjonen vert det i dag bygt meir plansiloar, gjerne utan tak eller utan vegger eller to eller tre vegger. Ei utfordring med ei slik løysing kan vere at regnvatn renn ned langs siloveggane og inn i fôret som fører til ekstra avrenning. For å hindre dette kan ei løysing vere å legge plast eit stykke inn på silobotnen og opp etter veggen på kvar langside, før ifyllinga startar. Etter ifyllinga er ferdig vert plasten bretta innover silofôret og ein ekstra toppduk på toppen. I gjeldande regelverk er det ikkje gjeve konkrete løysingar for plansiloar slik dei vert bygde i dag. Like fullt er det bonden sitt ansvar å handtere pressaft på ein god måte slik at den ikkje fører til forureining eller fare for forureining.

Utforming av siloen og særleg kva materiale som er brukt i silobotnen har betydning for korleis pressaft kan samlast opp. Både betong, asfalt og grus er brukt til golv i denne type siloar. Betonggolv er sikrast i høve til kontroll med avrenning, særleg i år med dårleg fortørking av graset. Alle plansiloar bør ha fall på silobotnen mot ei tverrenne i enden der pressaft blir drenert til ein pumpekum eller lager. Betongdekke er tett, medan pressaft kan sige gjennom grus og asfalt og ut i undergrunnen, som kan føre til forureining. Her må det gjerast fleire tiltak for å ha kontroll på pressafta, til dømes grave ei djup dreneringsgrøft rundt siloen som går til ein inspeksjonskum og pumpekum for pressaft.

Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland har i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland laga ein rapport i 2013 med døme på praktiske løysingar om lagring i silo og tiltak for å unngå pressaftavrenning.

Siloslått - lagringsmåtar og handtering av pressaft

Rundballar

Det er ikkje utarbeidd retningslinjer for korleis ein kan samle opp pressaft frå rundballar, men Landbruksdepartementet har i brev av 03.02.1992 gitt tilråding for lagring av rundballar som er stadfesta på nytt i 1994.

  1. Rundballar bør lagrast på ugrøfta mark med god naturleg drenering. Terrenget bør vere mest mogleg flatt og avstanden frå bekk, kanal, kum på lukka ledning eller veggrøft minimum 50 meter (helst 100 meter). På jord med dårleg naturleg drenering må ikkje rundballar ligge med helling mot vassdrag.
  2. Unngå lagring på grøfta mark eller inntil bygningar der pressaft kan renne til dreneringa. Fordi dette kan føre til forureining og i tillegg fare for gjengroing av drensrøra.
  3. Rundballar med heil plast må ikkje opnast på plassar der kan føre til forureining. Rundballar bør i tillegg plasserast slik at dei ikkje virkar skjemmande i kulturlandskapet.

Saman med dette er det grunn til å minne om at det er eigar/brukar som har ansvaret for at § 21 i forskrifta vert fylgt slik at pressaft ikkje fører til forureining eller fare for forureining.

Utviklinga av rundballeproduksjon har endra seg mykje sidan regelverket var utarbeidd, og behovet for ein ny gjennomgang er stort. Norsk Landbruksrådgiving har laga eit hefte med dagens måte å produsere rundballar og med praktiske løysingar for lagring av rundballar.

Lagring av rundballar

Lagring av rundballar langs vegar kan føre til risiko for dei som ferdast på vegane. Statens vegvesen har difor laga ei brosjyre om lagring av rundballar langs riks- og fylkesvegar.

Lagring av rundballar langs veg

Lekkasje på gamle pressaftanlegg i tårnsilo

Eigar / brukar har ansvar for å unngå lekkasje frå gamle anlegg. Kommunen har ansvar for tilsyn. Lekkasje kan vere synleg som «lammehalar» i bekken, og nokre punkt i silopressaftanlegg bør ein halde ekstra auge med.

Tidlegare var det vanleg å sette ned plastkum i silobotnen, som sluk for oppsamling av pressaft, med plastrøyr vidare til ein pumpekum, men det kunne også vere støypt betongsluk. Erfaring har vist at eit svakt punkt for lekkasje kan vere mellom plastrøyr og betong, som kan føre til at pressaft sig ut i grunnen. Det er også viktig å kontrollere at vasslås i golvsluken fungerer og overgangen mellom silovegg og golv er tett, samt at betongen er overflatebehandla innvendig.

Ein anna viktig kontroll er om røyret ut frå kum/sluk i silobotnen til pumpekummen er skada eller har sige ut i skøytane. Dette kan vere vanskeleg å kontrollere då rør ofte er djupt nedgrave. I slike tilfelle bør røyret undersøkast med røyrkamra for å få avklart tilstanden.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.