Krisehandtering

Oppdatert 08.04.2024

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Statsforvaltaren kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Statsforvaltaren samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Statsforvaltaren og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere eit sentralt samarbeids- og støtteorgan for Statsforvaltaren.

Ved krig har Statsforvaltaren mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.11.2015

Fare for flaum og jordskred

NVE har sendt ut varsel om fare for jord- og flaumskred på gult nivå for Vestlandet og Trøndelag på grunn av mykje regn og snøsmelting. 


Publisert 03.07.2015

Ny instruks for samfunnstryggleik og beredskap

19. juni blei ein ny instruks for Fylkesmannen sitt arbeid med samfunnsstryggleik og beredskap vedtatt. Fylkesmannen sitt samordnings- og pådrivaransvar når det gjeld samfunnstryggleiksarbeidet i fylket er tydelegare enn før. 


Publisert 22.08.2014

Ny handbok i øvelsesplanlegging

Boka er eit resultat av langvarig og godt samarbeid mellom naudetatane og samvirkeaktørar innan redningstenesta. Målet er å bidra til læring og utvikling innafor fagområdet.


Publisert 28.11.2012

Har du informasjonsansvar i kriser?

Korleis handterar organisasjonen din informasjon i ein krise? Ein ny rettleiar kan vere nyttig ved utarbeiding av planar for organisasjonar med ein informasjonsrolle i kriser.


Publisert 01.02.2012

Felles nettportal for kriseinformasjon

Statsminister Jens Stoltenberg lanserte sist veke nettportalen Kriseinfo.no, som skal formidle viktig informasjon frå styresmaktene før, under og etter kriser.


Publisert 25.03.2009

Ei ulukke ved Sellafield kan få konsekvensar for Rogaland

Ei ulukke ved det britiske atomanlegget Sellafield kan få alvorlege konsekvensar også for Rogaland. Dette viser ein rapport Strålevernet har utabeidd i oppdrag frå Miljøverndepartementet. Rapporten har fokus på transport og nedfall frå eit "verst tenkeleg" utslepp ved eit av lageranlegga for flytande høgaktivt avfall.