Fare for flaum og jordskred

NVE har sendt ut varsel om fare for jord- og flaumskred på gult nivå for Vestlandet og Trøndelag på grunn av mykje regn og snøsmelting. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2015

I Rogaland gjeld dette kommunane Sauda, Suldal og Vindafjord

Varme, regn og vind

Det er venta mykje regn frå torsdag ettermiddag og utover fredagen. Dessutan blir det relativt høge temperaturar og mykje vind. Dette fører til snøsmelting. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg enkelte stader. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner er tilrådd. 

Kart over varslingsområdet og oppdatert informasjon om varselet ligg her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer