Klimaomstilling

Solceller på låvetak i Hjelmeland kommune.
Solceller på låvetak i Hjelmeland kommune. Foto: Dagfinn Hatløy.
Oppdatert 08.04.2024

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova. Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Statsforvaltaren skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. 

Statsforvaltaren skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Statsforvaltaren rettleiar og kan komme med motsegn. Statsforvaltaren har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Statsforvaltaren kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir

Berekraftige satsingar

Klimaomstilling er eitt av tre satsingsområde for Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre områda er Kommunestruktur og Barn og unge. Gjennom samordna innsats skal me løfte satsingsområda og bidra til ei berekraftig framtid.

Klimaendringane er ein stor omfattande utfordring for samfunnet. I satsinga er hovudmålet vårt å bidra til å styrke kommunane sitt klimaarbeid. I samsvar med visjonen vår – me tek vare på Rogaland – skal me arbeide med klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp i fylket. I 2021 er arbeidet med å reduserer klimagassutslepp prioritert.

Me skal arbeide for å

  • styrke klimakompetansen i kommunane og i deira arbeid med reduksjon av klimagasser og klimatilpasning.

  • synleggjere samanhengen mellom klimakrisen og naturkrisen.
  • synleggjere plan- og bygningsloven som verktøy for å nå FNs bærekraftsmål.

  • vere pådrivar for tverrsektorielt samarbeid og samordning mellom kommunar og regionalt nivå i arbeid relatert til klimaomstilling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.04.2017

Klimanettverk Jæren med Utsira i gang!

I går var ein god fyrste samling i Klimanettverk gjennomført på Tungenes fyr. Det ustadige aprilværet sette ein stoppar for besøk til den mest ambisiøse kommunen vår på klimafeltet - Utsira som har vedtatt å bli ein 0-utsleppskommune.


Publisert 01.02.2017

Rogalandsklimaet resten av hundreåret - varmare og våtare

Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. 


Publisert 18.01.2017

Kommunar kan søke støtte til klimatiltak

Gode klimatiltak kan få økonomisk tilskot til forprosjekt og gjennomføring. Aktuelle prosjekt kan vere klimavennleg areal- og transportplanlegging, transporttiltak og nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling.


Publisert 30.09.2016

Stavanger får 2,5 millioner kroner til byutvikling

Stavanger får midler frå Regjeringa til arbeidet med utvikling av ein berekraftige og attraktiv by.


Publisert 02.09.2016

Korleis planlegge for mindre klimautslepp?

Miljødirektoratet har gitt ut ein rettleiar til korleis kommunal og fylkeskommunal planlegging kan redusere klimautsleppa. Rettleiaren finn du på nettsidene www.miljokommune.no.


Publisert 25.06.2015

Klimatilpassing i Rogaland

Klimaendringane skjer raskare enn tilsvarande endringar i historia, utfordringane er mange. Fylkesmannen i Rogaland har laga ein analyse med fokus på kor sårbare me er for komande klimaendringar.