Klimanettverka i Rogaland

Det lokale arbeidet med reduksjon av klimagasser tar seg stadig opp. Vi har no to interkommunale nettverk for klimakutt i fylket, eitt i nord og eitt i sør. Begge har søkt, -og fått, støtte frå Klimasats/Miljødirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2018

Klimanettverka i fylket har fått stønad til å drive kompetanseheving, erfaringsutveksling og informasjonsarbeid i kommunen, både inn mot administrasjon, innbyggarar og politikarar. Målet er å få eit større fokus på miljø og klima i alle sektorane i kommunen, og oppnå meir berekraftige lokalsamfunn. Klimanettverka vil bidra inn i og følgje opp arbeidet med klima og energiplanar. Arbeid for å bidra til å integrere klima- og energitema i andre av kommunen sine planar er ei naturleg vidareføring av dette.

Klimanettverk Jæren er samansett av kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes, Randaberg, Kvitsøy og Utsira. Fylkesmannen og fylkeskommunen deltar med faglege innspel, men dei konkrete tiltaka skal utformast i den enkelte kommune. Nettverket fekk innvilga klimasatsstønad i 2016. 

Klimanettverk Haugalandet består av Karmøy, Haugesund, Tysvær og Bokn, og fekk stønad frå klimasats i 2017. Fylkesmann og fylkeskommune, samt andre klimanettverk, blir orientert og invitert på aktuelle arrangement.

Aktuelle tema har så langt vore m.a. areal- og transportplanlegging, energiløysingar, landbruk, bygg og eigedom, og innkjøpsordningar. Klimanettverka er også ein arena for kommunane til å ta opp spørsmål som gjeld arbeid med klima- og energiplanar, og oppfølginga av dei.

Desse to nettverka kom saman på møte hjå fylkeskommunen 30. november, for å utveksle idear og erfaringar. Fylkeskommunen var vertskap, med sine to nytilsette klimamedarbeidarar; Tara Botnen Holm og prosjektleiar for Klimapartnere Rogaland Christian Herheim. Representantar frå Fylkesmannen var også med. Vi fekk gode kompetansepåfyll frå Una Myklebust Halvorsen, Asplan Viak, om gode prosessar for betre klimaløysingar og klimarette innkjøp i byggeprosjekt.

Vi har god tru på at klimaarbeidet i kommunane vil fortsette å ta seg opp også i 2018.

 

Hugs frist for å søke stønad til klimasatsing i kommunane, som er 15. februar på miljøkommune.no.

15. februar er også fristen for å søke stønad til arbeid med klimatilpasning frå Miljødirektoratet:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.