Forureining

Oppdatert 27.01.2025

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Cathrine Stabel Eltervåg (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Ørjan Simonsen (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 05 

Publisert 20.08.2014

Ryfast - Endra vilkår i utfyllingsløyve Buøy

Fylkesmannen ga 14.03.2013 løyve til Statens vegvesen Region vest til utfylling i sjø ved Buøy i Stavanger kommune av sprengsteinsmassar frå tunnelar i Ryfast-sambandet. Løyvet omfatta også etablering av anleggsveg på sprengsteinsfylling tvers over indre del av Bangarvågen.


Publisert 05.08.2014

Rapport om kartlegging av kaldvasskorallar Sandsfjorden

Det er registrert rødlista korallar på 4 av 10 undersøkte lokalitetar i Sandsfjorden i Suldal. Norsk Stein AS på Berakvam har fått undersøkt havbotnen ved ulike lokalitetar.


Publisert 20.06.2014

Nytt løyve til Maritime Waste Management AS

Verksemda har fått løyve til utslepp av oljehaldig spylevatn - Norsea Tananger base i Sola kommune.


Publisert 27.05.2014

Løyve til utfylling i sjø av sprengsteinmassar frå driving av Eiganestunnelen E39

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve etter forureningslova og forureningsforskrifta til Statens vegvesen Region vest til utfylling i sjø av sprengsteinsmassar frå Eiganestunnelen.


Publisert 19.05.2014

Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Statens vegvesen Region vest (SVV) har fått løyve til mudring og utfylling i Førrestjørna i Tysvær kommune.


Publisert 19.05.2014

Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Statens vegvesen Region vest (SVV) har fått løyve til utslepp til sjø ved Buøy og ved Grasholmen i Stavanger kommune.


Publisert 19.05.2014

Endring av løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Fylkesmannen har endra løyve til Statens vegvesen Region vest (SVV) av 08.08.2013 til utfylling i sjø ved Kuneset på Hundvåg i Stavanger kommune.


Publisert 15.05.2014

Løyve etter forureiningslova til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS

Fylkesmannen har 12.05.2014 gitt løyve til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS til mudring og nedsetting av peler i sjø for etablering av ny kai og småbåthamn. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.


Publisert 15.05.2014

Løyve etter forureiningslova til NorSea AS

Fylkesmannen har 14.05.2014 gitt løyve til NorSea AS til mudring og nedsetting av peler i sjø for utbetring og forlenging av eksisterande kai. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.


Publisert 09.05.2014

Løyve etter forureininglova til Lyse Produksjon AS

Lyse Produksjon AS har fått løyve til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lysebotn i Forsand kommune.