Krav om finansiell sikring etter endring i avfallsforskrifta

Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall vart endra 1. januar i år. Fleire krav som før var regulert i eigne løyve, finn ein no i vedlegg 4. Det vert sett krav til etablering av finansiell sikring for anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall. Verksemda må sende inn forslag til finansiell sikring til Fylkesmannen innan 1. juli 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2016

I samsvar med prinsippet om at forureinar betaler, skal sikringa tryggje at det er pengar til opprydding dersom ei verksemd vert lagt ned, har betalingsproblem eller går konkurs.

Om sikringa

Sikringa skal dekke kostnadane som maksimalt kan oppstå ved handtering av det farlege avfallet, inkl. meirverdiavgift. Størrelsen skal reknast ut frå den mengda farleg avfall de har lov til å lagre i løyvet.

Dette gjeld sjølv om den faktiske lagringskapasiteten til anlegget er mindre en den tillatne langringsmengda.

Informasjon som må vere med i utrekninga er mellom anna:

  • Avfallsstofftype (EAL-kode/avfallsstoffnummer)
  • Lagertype (t.d. tank, stykkgods)
  • Maksimal tillaten lagringsmengd (m3 og tonn)
  • Kostnader ved sikring av det farlege avfallet (t.d. tilsyn med anlegget, strømutgifter, utføring av driftsrutinar inkl. analyser osv.)
  • Pris for lasting og transport (kr/tonn)
  • Pris for lovleg handsaming og sluttdisponering (kr/tonn)

EE-avfall inkl. lysstoffrøyr og sparepærer og avfall frå skip er ikkje omfatta av kravet om finansiell sikring.

Det er verksemda som skal legge fram forslag til kostnadane som kan tenkjast å oppstå, og sikringa skal vurderast kvart femte år, eller oftare om naudsynt.

Etablering av finansiell sikring for anlegg med løyve datert før 1. januar 2016

Kravet om finansiell sikring for anlegg med løyve datert før 1. januar 2016 gjeld frå 1. januar 2018. Verksemdene skal likevel sende forslag til finansiell sikring innan 1. juli 2016.

Forslaget skal mellom anna inkludere:

  • Fastsetting av kostnadane, jf. avsnitt om sikringa
  • Dokumentasjon på kontakt med ein norsk bank
  • Dokumentasjon på at de har tatt stilling til kva type sikring som vert stilt
  • Vurdering av om maksimal lagringsmengd i løyvet må endrast

Utan godkjend sikring er det ikkje mogleg å ta imot farleg avfall ved anlegget etter 1. januar 2018.

Kontopant eller påkravsgaranti

To typar finansiell sikring vert sett på som tilstrekkeleg; kontopant og påkravsgaranti. Verksemda må sjølv velje ein av desse. Sjå vedlegga for meir informasjon om dei ulike sikringane. Fylkesmannen ber om at dei vedlagde malane vert brukt.

Kven skal stille finansiell sikring?

Alle private selskap skal stille finansiell sikring, òg private selskap eller aksjeselskap som utfører oppgåver for kommunale eller interkommunale mottak. Private selskap som har avtale om å drive mottaksordning for kommunar vert omfatta av kravet om finansiell sikring når det private selskapet er ansvarleg for anlegget. Tilsvarande gjeld dersom kommunen organiserer sitt mottak i AS med avgrensa ansvar.

Når anlegg skiftar eigar eller driftsansvarleg

Dersom eit anlegg skiftar eigar eller driftsansvarleg må ny finansiell sikring etablerast før det er tillate å ta imot farleg avfall ved anlegget.

Godkjenning av finansiell sikring

Når forslag til finansiell sikring er sendt inn skal den godkjennast av Fylkesmannen.

Endring av løyve

Dersom løyvet ikkje er i samsvar med nye krav i kapittel 11 i avfallsforskrifta, vil vi ta kontakt og varsla endring i løyvet, jf. forureiningslova § 18. Endringa vil gjelde både finansiell sikring og andre krav i løyvet. Fylkesmannen tar gebyr for endring av løyvet, jf. kapittel 39 i forureiningsforskrifta.

Fram til løyvet er eventuelt endra gjeld dei krava som er strengast av forskrifta og løyvet.

Kva med dokumentinnsyn?

Alle opplysningar om pris og prisutrekning som Fylkesmannen får, vil vi unnta frå offentleg innsyn. Er det nokon som ber om å få sjå grunnlaget for utrekning av finansiell sikring, vil alle prisar og utrekningar i dokumentet verte sladda før evt oversending til dei som ber om innsyn.

Fristar:

  • Forslag til finansiell sikring 1. juli 2016
  • Finansiell sikring godkjent av Fylkesmannen 1. januar 2018

 Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.