Byggeskikkpris til trefjøs i Ulladalen

I Ulladalen i Suldal blei det i sommar sett opp eit nytt fjøs der konstruksjonen er ei blanding av tradisjonsbygg og nyutvikla byggekonsept. No er bygget heidra med byggeskikkprisen i Suldal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2018

Suldalsposten kunne 28. november melde at gardbrukar Torjus Halsne mottar prisen for den nye driftsbygningen på garden. Han og familien har valt å investere i eit nytt bygg som søker å både konkurrere med dei tradisjonelle fjøssystema på pris, samtidig som det holder gamle byggemetodar i hevd.

Har vekka mykje merksemd

Fjøset til familien Halsne er eit fleirbruksfjøs av typen Narvebygget. Det har fått mykje merksemd både på grunn av den nyutvikla konstruksjonen, og også fordi det er eit godt døme på ein familie som satsar og investerer i ei lita bygd inst i Jøsenfjorden. Mellom anna laga Norge Rundt ein reportasje da fjøset var under bygging (innslaget starter 13:45 minutt ut i klippet). Fjøset har vidare fungert som ein demonstrasjonspilot for rimelege fleirbruksbygg, og familien har hatt fleire besøk frå kommunar og andre som vil lære.

Narvebygget i Ulladalen er bygd opp som eit grindabygg med stavkonstruksjonar. Veggane er enkle og levert i element

Grindabygg i ny drakt

Idéen bak Narvebygget er eit byggekonsept med enkle og rimelege fleirbrukssbygg i tre. Mykje av konstruksjonen består av element som er tilverka på førehand, før dei kjem til byggeplassen. Idéen blei utvikla av Svein Narve Veshovda i Eigersund, med god hjelp av m.a. Astrid Brommeland som er bygdeutviklar i indre Ryfylke. I prosessen har også Tore Hundseid-Birkeland spela ei viktig rolle. Tømrarfirmaet hans tilbyr reisverk i den gamle byggemetoden grindabygg som ei av løysingane som Narvebygget kan settast opp med.

Vi har tidlegare skrive om Narvebygget som eit døme på nytenking i Rogaland, enda byggeteknikken baserer seg på ein gammal metode. Linja for næringsutvikling hos Fylkesmannen besøkte Hundseid-Birkeland i vår, da han var i ferd med å sette saman «grindane» til Ulladalen-fjøset. I produksjonshallen innanfor Vikedal i Vindafjord fekk vi sjå korleis 12 meter lange furustokkar blei saga og øksa til, og sett saman i stavkonstruksjon. I tillegg produserer han dei enkle veggelementa som er brukt i fjøset i Ulladalen. Alt tømmeret som er brukt i bygget er henta frå skogen innanfor garden til Hundseid-Birkeland.

Spanande utvikling med trefjøs

Fylkesmannen og Innovasjon Norge Rogaland ønsker å fremme tre som alternativ ved bygging av landbruksbygg. Dette heng saman med fleire nasjonale og regionale satsingar på auka trebruk. Her i fylket er vi i gang med ei ny tredrivarsatsing, som er eit initiativ for auka kompetansen på trebruk både i ulike typar næringsbygg og offentlige bygg.

Av løysingar for trefjøs skjer det mykje utvikling for tida, både her i fylket og elles. Saman med resten av landbrukspartnerskapen i Rogaland har vi lagt til rette for at bønder som søker om investeringsstøtte kan få inntil 150 000 kr i ekstra støtte dersom dei bygger i tre. Innovasjon Norge Rogaland kan gi meir informasjon om denne ordninga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.