Ny utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2025

Elv med tresett kantvegetasjon.
Elv med tresett kantvegetasjon. Foto: Nono Dimby, Statsforvaltaren i Rogaland.

Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Statsforvaltaren i Rogaland. Frist for å søkje er 31. august. 

Publisert 11.06.2025

Statsforvaltaren i Rogaland har fått 1 100 000 kroner frå klima- og miljøprogrammet (KMP) til å støtte regionale prosjekt i 2025. I tillegg er det dratt inn middel frå tidlegare ikkje gjennomførte tiltak. Det er allerie innvilga tilskot til 10 prosjekt med ein samla tilskotsum på 926 000 kr. Vi har framleis 239 480 kr til tilskot som kan innvilgast til søknadar. 

Regionale prioriteringar

Søknadar som støttar strategiar i regionale planar og i Regionalt miljøprogram kan få støtte. I 2025 ønskjer vi særleg å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag. Hålandsvatnet er særleg prioritert. 
  • Prosjekt som styrkar klimavenleg driftspraksis i jordbruket.
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Handtering av husdyrgjødsel. Til dømes digitalt kjøp og sal av husdyrgjødsel og hestegjødsel
    • Vipe
    • Kystlynghei, organisering
    • Mobilisering for pollinatortiltak
    • Fangvekster
    • Bruk og effekt av biokol
    • Reinseteknikkar for vaskevatn frå landbruksbygg, til dømes fjørfe
    • Landbruksplast, handtering

 

Statsforvaltaren kan støtte inntil 75 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet (endra i 2023), og vi viser til retningslinjene for ordninga.

Søkje tilskot

På Altinn.no finn du skjemaet "Klima- og miljøprogrammet (KMP) - tilskudd til fylkesvise tiltak". For å søkje prosjektmidlar må du logge inn med riktig rolle i Altinn, og fylle ut skjemaet. Du må ha rolla "Primærnæring og næringsmidler" eller ha tilgang til tenesta, sjå rettleiing på Altinn.no.

Søknadsfristen er 31. august. 

Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje om tilskot, til dømes fag- eller næringsorganisasjonar, institusjonar som driv med utgreiing eller forsking, eller andre føretak. 

Prissetting av eigeninnsats: Timesats blir rekna ut frå 1,2 promille av brutto årslønn, maks. 800 kroner per time.

Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle fråvike frå timesats og krav om eigenandel. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.