Utbetaling av midlar til klima- og miljøtiltak
Organisasjonar som har fått tilskot frå klima- og miljøprogrammet kan be om utbetaling via Altinn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Funksjonen er ny frå august 2020, og forenklar saksbehandlinga av klima- og miljøtiltaksmidlar. Fylkesmannen kan utbetale inntil 75 prosent av prosjektstøtta undervegs i prosjektet etter medgåtte utgifter. For å få sluttutbetaling må søkarane levere rekneskap og rapport.
For å be om utbetaling må søkarane
- logge seg inn i Altinn.no
- velje kven dei skal representere (føretak eller privatperson)
- velje "Alle skjema" og søkje fram skjemaet Klima- og miljøprogrammet (KMP) - tilskudd til fylkesvise tiltak
- velje "Start tjeneste" og "Vidare"
- Klikke på den blå knappen "Registrer utbetalingsanmodning" under søknaden.
Når søkarane ber om utbetaling må dei laste opp nødvendig dokumentasjon. For delutbetalingar er det nok å laste inn eit dokument som gir oversikt over medgåtte utgifter og kort oversikt over framdrifta i prosjektet. Ved sluttutbetaling må søkarane levere fullstendig prosjektrapport og rekneskap.
Søkarane treng ikkje sende prosjektrapport og rekneskap til fylkesmannen sitt postmottak i tillegg.
Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar
Fylkesmannen i Rogaland forvalter i overkant av 600 000 kr som kan brukes til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø.
Måla for midlane er å bidra til:
- At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslipp og tap av biomangfald
- Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfold i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
- Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66