Endelege tilskotssatsar i Regionalt miljøprogram er satt

Grasdekt sone i åker.
Grasdekt sone i åker.

1853 føretak søkte i 2015 om tilskot til miljøtiltak frå Regionalt miljøprogram i Rogaland. Det var godt samsvar mellom søknadsomfang, førebelse tilskotssatsar og økonomisk ramme.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.01.2016

Bøndene kan dermed forvente å få same tilskotssatsar som dei som blei lyste ut ved starten av søknadsomgangen 2015. Utbetalinga vil komme 10. februar 2016. Søkjarane kan finne kommunane sine vedtak om tilskot i sin meldingsboks i Altinn.

Søknadsomfanget viser ingen store skilnadar frå tidlegare år. Rogaland er eit mangfaldig fylke med mange omsyn å ta når det kjem til fordeling av tilskotsmidlar. Til dømes fekk kystlynghei status som utvald naturtype i 2015. Med Det aukar forventingane til at denne historiske driftsforma blir tatt vare på. Rundt 20 % av potten blir brukt til ulike skjøtselstiltak under overskrifta biologisk mangfald. Det er ein auke på 1 % frå 2014. Hovuddelen av tilskota går til pleie av kulturlandskapet. Største ordning her er tilskot til skjøtsel av bratt areal. Bratt areal har klare driftsulemper, og miljøtilskotet skal stimulere til aktiv drift slik at dei ikkje gror igjen.

Fleire søkjer tilskot til bruk av utstyr for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Medan 14 % av potten gjekk til å hindre utslipp til luft i 2013, har delen auka til 20 % i 2015. Rask kontakt mellom jord og husdyrgjødsel hindrar tap av verdifult nitrogen til luft. Ordninga er først og fremst eit klimatiltak, men det er antatt at tiltaket i tillegg har positiv verknad for tap av næringsstoff til vassdrag.

Oversikt over fordeling av tilskot mellom ulike målområde i RMP 2015.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.