Landbrukseigedommar og buplikt

Oppdatert 08.04.2024

Eigedomane er grunnlaget for verdiskapinga i landbruket. Den som overtek ein  landbrukseigedom må søkje om konsesjon dersom eigedomen er utan bygningar, eller dersom eigedomen har eit samla areal på meir enn 100 dekar, eller eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Konsesjonslova gjeld for dei fleste typar erverv (kjøp eller arv) av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er verne om produksjonsareala i landbruket, noko som blir gjort gjennom regulering og kontroll når fast eigedom blir kjøpt eller seld. Lova skal dessutan sikre eigar- og bruksforhold som er tenlege for samfunnet. Vi må til dømes ta omsyn også til framtidige generasjonar, landbruksnæringa, behov for utbyggingsgrunn, miljø og busetting.  

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Plikta følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med førre eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader, utan omsyn til storleik på eigedomen. 

Jordlova

Jordlova speglar det landbrukspolitiske målet om å sikre arealressursane og halde oppe og styrkje ressursane på det enkelte bruket. Dette inneber mellom anna at den som eig dyrka mark, har ansvar for at jorda blir driven.

Jordlova har reglar om driveplikt, omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og om deling av landbrukseigedom. Kommunen behandlar og avgjer saker etter jordlova og konsesjonslova, og Statsforvaltaren er klageinstans.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.09.2021

Webinar innafor eigedomslovgivinga i landbruket

Tema for webinaret vil vere struktur i landbruket og verkemidlar kommunane har til å syte for best mogleg struktur og gode driftsmessige løysingar når dei har saker til behandling etter jordlova, konsesjonslova og plan- og bygningslova.


Publisert 20.05.2021

Stadig meir leigejord i jordbruket

I følgje ferske tal frå SSB har del leigejord av jordbruksareal i drift tredobla seg sidan 1969. Rogaland har logisk nok lågast del leigejord, med ein snitt på 36 % i 2019.


Publisert 24.02.2021

Utskiftingslova av 1821 – har du eit utskiftingskart frå før 1858?

I år er det 200 år sidan den første nasjonale utskiftingslova blei vedteken, nemleg utskiftingslova av 17. august 1821.


Publisert 17.11.2020

Arealfragmentering i jordbruket ei utfordring

Torsdag 12. november heldt Institutt for rural og regionalforskning (Ruralis) sitt Landfrag-prosjekt ein digital konferanse. Målet med konferansen var å løfte fram jordbruksareala som grunnleggjande ressurs i norsk landbruk, og å setje søkelyset på relasjonen mellom eigarane og leigarane av jord.


Publisert 12.02.2019

Regelverk om bruksendring av driftsbygningar

Mange ønsker å nytte driftsbygningar til andre føremål dersom bygningen av ulike årsaker ikkje lenger skal nyttast til landbruk. Det er samstundes viktig at kommunane bruker lovverket aktivt for å unngå bygningsbruk som kan komme i konflikt med landbruksinteressene.


Publisert 21.12.2018

Fylkesmannen avslo konsesjon for erverv av gardsbruk

Hjelmeland kommune gav konsesjon for erverv av gardsbruk i Vormedalen. Omsynet til drifta og ressursforvaltninga tilseier at eigaren må bu på garden frå ervervstidspunktet. Fylkesmannen gjorde derfor om kommunen sitt vedtak om konsesjon med utsett buplikt.

 


Publisert 05.09.2018

Fylkesmannen avslo konsesjon for erverv av landbrukseigedom

Time formannskap gav konsesjon for erverv av gardsbruk på Undheim. Fylkesmannen meinte at ervervet ikkje innebar ei driftsmessig god løysing og gjorde om kommunen sitt vedtak slik at konsesjon blei avslått.


Publisert 11.08.2017

Kva slags eigedommar er unntatt konsesjonsplikt, buplikt og priskontroll etter lovendringa?

Onsdag 21. juni blei det bestemt at det skulle bli gjort endringar i blant anna arealgrensa for konsesjonsplikt og buplikt, og reglane for priskontroll, som no er trått i kraft. Under følger ei oversikt over endringane. I høgre marg finn du dei nye rundskriva.


Publisert 25.07.2017

Nei til oppføring av bustadhus på landbrukseigedom

Det er ingen automatisk rett å erstatte gamle hus på landbrukseigedomar med nye dersom det ikkje er behov for huset i gardsdrifta. Settefylkesmann gir Fylkesmannen i Rogaland medhald i klagesak og seier nei til oppføring av nytt bustadhus på gardsbruk i Rennesøy.


Publisert 11.07.2017

Nei til konsesjon for erverv av tilleggsjord grunna lang avstand

Ein bonde i Flekkefjord får ikkje utvide garden sin med kjøp av tilleggsjord 27 kilometer unna. Landbruksdirektoratet støttar eit vedtak frå Fylkesmannen i Rogaland, og seier nei til konsesjon grunna lang avstand mellom eigedomane.