Nye reglar om landbrukseigedomar i dødsbu

Landbruk på Randaberg
Landbruk på Randaberg Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Det er innført nye reglar om landbrukseigedomar i dødsbu i arvelova som inneber nye oppgåver til kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2021

I lov om arv og dødsbuskifte (arvelova) er det innarbeidd ein ny § 99a som set frist om at dødsbu innan tre år overfører landbrukseigedom i buet til ny eigar. Føresegna gjeld der det i eit dødsbu inngår ein landbrukseigedom med minst 5 dekar jordbruksareal eller minst 25 dekar produktiv skog.  Den nye føresegna, som trer i kraft 1. januar 2022, lyder slik:

«Hvis det i dødsboet inngår landbrukseiendom som består av minst fem dekar jordbruksareal eller minst 25 dekar produktiv skog, må eiendommen overføres fra dødsboet til en ny eier med tinglyst hjemmel innen tre år fra arvelaterens død. Det samme gjelder om det i dødsboet inngår en del av en slik eiendom. Som ny eier regnes også gjenlevende ektefelle eller samboer som eiendommen overføres til. Kommunen skal innen ett år etter dødsfallet varsle dødsboet om fristen etter første punktum.»

Sikre ryddige eigartilhøve og drift

Føremålet med føresegna er å hindre at produktive landbrukseigedomar blir verande i dødsbu over lang tid. Dersom landbrukseigedomar ikkje blir eigd av aktive eigarar, kan det få konsekvensar for drifta. Føresegna vil slik sett også bidra til å ivareta viktige føremål bak andre sektorlovverk knytt til landbruk, om at landbrukseigedomar helst skal eigast av aktive bønder som bur på og driv eigedomane sjølve.

Det er berre fristen for overføring av eigedomen frå dødsbuet til ny eigar som fell inn under kommunen sitt ansvar som landbruksmyndigheit. Spørsmål av privatrettsleg karakter fell utafor kommunen sitt ansvarsområde og rettleiingsplikt.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har utarbeida ein ny rettleiar til arvelovas § 99a om landbrukseigedomar i dødsbu. Rettleiaren inneheld ein gjennomgang av den nye føresegnas innhald. Føremålet med rettleiaren er å lette praktiseringa av føresegna for kommunane og Statsforvaltarane.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.