Kommunal fornying

Oppdatert 01.02.2022

Noreg har ein offentleg sektor som sikrar velferd, omsorg, helse og utdanning, og som skal gi alle innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemming. Fornying av offentleg sektor skal ha som mål å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring.

Statsforvaltaren skal stimulere til lokal omstilling og fornying i kommunesektoren. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og tildeling av skjønnsmidlar.

Prosjektskjønn er ein integrert søknads- og rapporteringsportal som blir brukt av kommunar, tilsette hos Statsforvaltaren og Kommunal- og distriktsdepartementet. Løysinga forenklar handtering av søknader og rapportering på bruk av skjønnsmidlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. 

Publikum og media har tilgang til ein nettstad som gir innsyn i tildelte midlar, omtale av prosjekt og innsende rapportar

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.04.2022

– Berekraftige velferdssamfunn blir ei hovudsatsing i Rogaland

Det er ikkje mogleg å løysa helse- og omsorgsoppgåvene på same måten som i dag. Me må bli flinkare til å førebygga i staden for å reparera. Derfor blir berekraftige velferdssamfunn ei viktig satsing for Statsforvaltaren i Rogaland dei neste åra. Nå har fleire gode prosjekt i kommunane fått til saman 10 millionar kroner i skjønstilskot.


Publisert 14.12.2021

10 millionar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2022

Innovasjon og nytenking er naudsynt for at kommunane skal halda fram med å levera gode tenester til innbyggarane samstundes som arbeidet med å oppnå FNs berekraftsmål følgjes opp. Statsforvaltaren i Rogaland har derfor sett av 10 mill. kroner av skjønnsramma til kommunale prosjekt for fornying og innovasjon (prosjektskjønn) i 2022.


Publisert 12.11.2021

Få mer kunnskap om likestillingsplikten for offentlig sektor

Likestillings- og diskrimineringsombudet arrangerer tre ulike kurs i november og desember 2021 om kommunenes likestillingsplikt etter likestillings- og diskrimineringsloven. Likestillingsplikten for offentlig sektor er styrket og gjelder alle sider av kommunens virksomhet.


Publisert 01.06.2021

10 millionar fordelt til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

For å halde fram med å levere gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar, klimaendringar og strammare budsjett, er det behov for innovasjon og nytenking. Statsforvaltaren i Rogaland har no fordelt 10 millionar kroner til 18 fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane.


Publisert 19.01.2021

10 millionar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

For å halda fram med å levera gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar, klimaendringar og strammare budsjett er det behov for innovasjon og nytenking. Statsforvaltaren i Rogaland har derfor sett av 10 mill. kroner av skjønnsramma til fordeling til kommunale prosjekt for fornying og innovasjon (prosjektskjønn) i 2021.


Publisert 17.11.2020

Vil ha kommunane med på laget for ein innovativ offentleg sektor

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor. I eit nyleg brev inviterer kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup kommunale og statlege verksemder til samarbeid, og oppmodar til å mobilisera alle krefter for å følgja opp stortingsmeldinga.


Publisert 11.11.2020

Arbeid med likestilling og ikke-diskriminering

Fylkesmannen skal være en pådriver for å fremme arbeid med likestilling og ikke-diskriminering på de områder Fylkesmannen har et lovpålagt ansvar for. Fylkesmannen skal også være en pådriver for at kommunene fremmer likestilling.


Publisert 11.02.2020

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i 2020

Kommunar må i åra som kjem tenke endå meir nytt om tenesteproduksjonen. Endringar i befolkningssamansetning, endra innbyggartal – og forventningar - betyr auka behov for fornying. Ny teknologi og digitalisering skaper nye moglegheiter. Nye løysningar må prøvast ut.


Publisert 05.09.2019

Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2019

Fylkesmannen har tildelt midlar til seks fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2019.


Publisert 29.05.2019

Ny vri- å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring

Klepp kommune fekk i 2015 tildelt kr 500.000 til prosjektet «Ny vri- å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring». Gjennom intervjuing og andre tiltak skulle ein utvikla kunnskaps-basert praksis på feltet. Prosjektet blei avslutta i 2017.