10 millioner fordelt til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

For å halde fram med å levere gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar, klimaendringar og strammare budsjett, har kommunane behov for fornying og innovasjon. For 2023 har Statsforvaltaren i Rogaland no fordelt 10 millionar kroner til 15 fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2022

Kommunane hadde frist 1. november for å søke Statsforvaltaren om skjønnstilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt for neste år. Det kom inn til saman 21 søknadar frå 13 kommunar, med fleire samarbeidande kommunar. Det var mange sterke søknader, med tema som omfattar ulike fagområde.

Fordeler 10 millionar innovasjonskroner til kommunane

Berekraftige velferdssamfunn har vore ei rettesnor i fordelinga av midlane som skal stimulera kommunane til å jobba med fornying og innovasjon. Pengane skal bidra til at ein kan prøva ut nye løysingar. FNs berekraftsmål, samarbeidsprosjekt og det tverrfaglege er særleg vektlagt, seier Statsforvaltar Bent Høie.

– Det å skaffa nok helsepersonell i framtida er ei stor utfordring. Derfor er til dømes Vindafjord, Bokn og Sola kommune sine prosjekt så viktige. Alle dei tre prosjekta handlar om å kartlegge arbeidsprosessar og tidsbruk og auke talet på heile stillingar i helsesektoren. 

Berekraftige velferdssamfunn er ei av tre store, tverrfaglege satsingar for Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre er klima og barn og unge.

Fordelinga av dei 10 millionane til fornyings- og innovasjonsprosjekt ser du under.

Midla er fordelte på følgjande prosjekt

Prosjekt Kommune Tildeling kr
TØRN, frå innsikt til endring Vindafjord 400 000
Heiltidskultur Bokn 400 000
Fremtidens arbeidsprosesser Sola mfl. 1 130 000
Saman på god vei - utvikling av gode forløp for brukere som har behov for korttidsopphold i sykehjem Stavanger mfl. 950 000
Nettverkskontakter Dalane barnevern Eigersund mfl.  1 000 000
Intern formidling av klimabudskap til ansatte i Stavanger kommune Stavanger 600 000
"It takes a village to raisse a child" Strand 810 000
Seniorenes hus Strand 560 000
Innovasjonskonferansen  Sola mfl. 80 000
Rett hjelp der barnet bur Haugesund mfl.  1 000 000
Attraktive Ryfylke Hjelmeland mfl.  500 000
Positiv atferdsstøtte (PAS) og SPELL i Sandnes PPT Sandnes 400 000
Implementering av BTI - bedre tverrfaglig innsats modell i Lund kommune Lund mfl. 150 000
Digi Rogaland - Lederutviklingsprogram: Bruk av simuleringsbaserte løsninger til å bygge og spre kompetanse om digital transformasjon og bærekraft i kommunene Stavanger mfl.  1 620 000
Saga Skriveklubb - om å komme til orde Stavanger 400 000
SUM   10 000 000

 

Om prosjekta

Vindafjord kommune får 400 000 kroner til prosjektet «TØRN, frå innsikt til endring». Gjennom prosjektet skal dei auke gjennomsnittleg stillingsstorleik, iverksette nye turnusar som bidrar til betre ordningar for tilsette og gjennom det gi betre kvalitet på tenestene som blir gitt innan institusjonsdrifta i kommunen.

Bokn kommune får 400 000 kroner til sitt prosjekt «Heiltidskultur». Dette er eit prosjekt som omhandlar arbeidstidsplanlegging i et heiltidsperspektiv. Kommunen skal gjennom prosjektet prøve ut og realisera gevinstpotensiale i ein ny arbeidsplan.

Vindafjord kommune og Bokn kommune vil samarbeide gjennom erfaringsdeling undervegs i de to prosjekta.

Sola kommune, i samarbeid med Klepp, Time og Randaberg, får 1 130 000 kroner til prosjektet «Fremtidens arbeidsprosesser». Gjennom prosjektet skal dei kartlegge arbeidsprosessar og identifisera område som skal endrast for å effektivisera tidsbruk i helsesektoren og heve kvalitet.

Sola kommune, i samarbeid med Sandnes, Sauda, og Stavanger, får 80 000 kr til prosjektet «Innovasjonskonferansen». Dette er ein årleg konferanse som legger til rette for inspirasjon og for deling av erfaringar og idear til innovasjonsarbeid. Konferansen er òg ein arena for å løfte fram lokale innovasjonsprosjekt slik at kommunane kan læra av kvarandre.

Eigersund kommune, i samarbeid med Lund og Sokndal, får 1 000 000 kroner til prosjektet «Nettverkskontakter Dalane barnevern». Gjennom prosjektet skal dei arbeide med å sørge for riktig hjelp til riktig tid for sårbare barn og unge. Dei skal gjere dette ved å få til betre samarbeid mellom barnevern og andre tenester i kommunane.

Strand kommune får 810 000 kroner til prosjektet «It takes a village to raise a child». Gjennom dette prosjektet skal kommunen arbeide med å forebygge ufrivillig skulefråvær som vidare kan føra til skulefråfall ved at ungdommane droppar ut av vidaregåande skule. Kommunen skal opprette eit team som skal bestå av miljøterapeutar som ikkje berre følgjer opp elevane på skulen, men òg på fritida og heime.

Strand kommune får òg 560 000 kroner til prosjektet «Seniorenes hus». Prosjektet har som mål å forebygge einsamheit hos eldre og fange opp einsame eldre i sosiale nettverk for å gjere dei meir robuste i alderdomen og for å unngå for tidleg tenestebehov.

Haugesund kommune, i samarbeid med Karmøy og Stord, får 1 000 000 kroner til prosjektet «Rett hjelp der barnet bur». Kommunane skal saman med Sunnhordaland interkommunale barnevernstenesta arbeide med å involvere og motivere familiemedlemmer til behandling og arbeide for et positivt samarbeid mellom familien, barnevernstenesta og andre nøkkelpersonar i familien sitt nettverk.

Hjelmeland kommune, i samarbeid med Strand, Suldal og Sauda, får 500 000 kroner til prosjektet «Attraktive Ryfylke». Gjennom prosjektet skal det arbeidast med å gjere regionen meir attraktiv for fleire, både med tanke på busetting og næringsutvikling.

Sandnes kommune får 400 000 kroner til prosjektet «Positiv atferdsstøtte (PAS) og SPELL i Sandnes PPT». Prosjektet er et tverr-etatleg samarbeid mellom PPT og EFF i kommunen for å implementere positiv atferdsstøtte og SPELL i PPT, og videre inn i barnehagar og skular. Med ein felles forståing vil kommunen kunne sikre ein likare praksis og ei meir heilskapleg oppfølging av sårbare familiar.

Lund kommune, i samarbeid med Sokndal og Eigersund, får 150 000 kroner til prosjektet «Implementering av BTI – betre tverrfaglig innsats modell i Lund». BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytt undring eller bekymring til med ein heilskapleg og koordinert innsats.

Stavanger kommune, i samarbeid med Sola, Sandnes og Strand, får 950 000 kroner til prosjektet «Saman på god vei – utvikling av gode forløp for brukere som har behov for korttidsopphold i sykehjem». Prosjektet har som mål å finne nye løysingar for å redusera liggetida på korttidsopphald på sjukeheim. Prosjektet skal òg betre kommunanes samhandling med sjukehuset.

Stavanger kommune får òg 600 000 kroner til prosjektet «Intern formidling av klimabudskap til ansatte i Stavanger kommune». Prosjektet går ut på å teste nye kommunikasjonsmetodar og nye digitale verktøy for å skape internt engasjement som skal bidra til grøn omstilling i heile regionen.

Vidare får Stavanger kommune 1 620 000 kroner til Digi Rogaland-prosjektet «Lederutviklingsprogram: Bruk av simuleringsbaserte løsninger til å bygge og spreie kompetanse om digital transformasjon og bærekraft i kommunene». Dette er eit interkommunalt prosjekt der alle kommunane i Rogaland er med. Prosjektet har som mål å styrke kommunale leiarar i arbeidet med å lede sine organisasjonar gjennom den berekraftige omstillinga i offentleg sektor.

I tillegg får Stavanger kommune 400 000 kroner til prosjektet «Saga Skriveklubb – om å komme til orde». I samarbeid med Lesesenteret (UiS), Områdesatsingen og frivilligheten vil kommunen etablere en skriveklubb. Dette vil være eit lavterskeltilbud for barn mellom 9-13 år.

For meir informasjon om føresetnader for tildeling og krav om rapportering, sjå brev om tildeling til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.