– Berekraftige velferdssamfunn blir ei hovudsatsing i Rogaland

Bent Høie er statsforvaltar i Rogaland
Bent Høie er statsforvaltar i Rogaland Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Det er ikkje mogleg å løysa helse- og omsorgsoppgåvene på same måten som i dag. Me må bli flinkare til å førebygga i staden for å reparera. Derfor blir berekraftige velferdssamfunn ei viktig satsing for Statsforvaltaren i Rogaland dei neste åra. Nå har fleire gode prosjekt i kommunane fått til saman 10 millionar kroner i skjønstilskot.

Publisert 05.04.2022

Bent Høie har vore statsforvaltar i Rogaland i snart seks månader. Den tidlegare helseministeren ser at fylket vårt står føre store og nødvendige omstillingar.

Lukkast ikkje Rogaland, lukkast ikkje Noreg

– I Rogaland  må me klara det grøne skiftet samtidig som offentleg sektor må omstilla seg i møtet med stadig fleire eldre – og færre i yrkesaktiv alder. Det blir krevjande, men det skal me klara. Lukkast ikkje Rogaland, lukkast ikkje Noreg. Så enkelt og vanskeleg er det, seier Høie.

Det krev at me tenker folkehelse på tvers av sektorane, og alt i dag ser me til dømes kor avhengig me er av frivillig sektor.

– Krigen i Ukraina set oss på ei stor prøve som samfunn. Det offentlege hadde ikkje klart å løysa ei slik krise åleine. Me er heilt avhengig av dei frivillige organisasjonane for å få dette til. Måten me skal løysa oppgåvene våre på i åra framover, er derfor eit strategisk satsingsområde for Statsforvaltaren i Rogaland. Det blir både eit viktig og spennande arbeid, seier Høie.

Fordeler 10 millionar innovasjonskroner til kommunane

Berekraftige velferdssamfunn har vore ei rettesnor i fordelinga av midlane som skal stimulera kommunane til å jobba med fornying og innovasjon. Pengane skal bidra til at ein kan prøva ut nye løysingar. FNs berekraftsmål, samarbeidsprosjekt og det tverrfaglege er særleg vektlagt, seier Høie.

– Det å skaffa nok helsepersonell i framtida er ei stor utfordring. Derfor er til dømes Karmøy og Suldal sine prosjekt så viktige. Karmøy kommune har eit prosjekt for å sikra meir bruk av heiltidstilsette. Suldal, i samarbeid med Sauda, Hjelmeland og Strand, får ei tildeling til pilotprosjektet med distriktsvennleg sjukepleiarutdanning.

Fordelinga av dei 10 millionane til fornyings- og innovasjonsprosjekt ser du under.

Berekraftige velferdssamfunn er ei av tre store, tverrfaglege satsingar for Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre er klima og barn og unge.

Kommunevis oversikt

Kommune

Tildeling skjønstilskot i kroner

Lund

250 000

Sandnes

250 000

Tysvær

500 000

500 000

Eigersund

500 000

Kvitsøy

500 000

Haugesund

500 000

Suldal

900 000

Gjesdal

1 400 000

Karmøy

1 700 000

Stavanger

3 000 000

SUM

10 000 000

 

Prosjektvis oversikt over fordelinga

Søknadsnr.

Prosjekt

Kommune

Beløp

11-22-0001

Barnehagemyndighetsrollen i jærkommunene - del 2

Gjesdal m.fl.

1 400 000

11-22-0002

Ungdom møter ungdom

Karmøy

400 000

11-22-0013

Sammen om frivillighet

Tysvær m.fl.

500 000

11-22-0016

Hubben læringsfabrikk

500 000

11-22-0017

Pårørende - en viktig ressurs

Karmøy

300 000

11-22-0018

Et felles løft for fremtiden - heltid gir bærekraft

Karmøy

1 000 000

11-22-0020

Digibarnevern

Stavanger

500 000

11-22-0021

Ryfylkemodellen- distriktsvenleg sjukepleieutdanning i Ryfylke

Suldal m.fl.

900 000

11-22-0025

Samskaping om nettverksarbeid- Kartlegge, mobilisere og styrke nettverk

Eigersund

500 000

11-22-0026

Interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam-IKART

Stavanger m.fl.

1 100 000

11-22-0028

Digi Rogaland - Digi helsestasjon ungdom

Stavanger og Haugesund

1 400 000

11-22-0029

Innbyggerinvolvering og læringsfellesskap

Kvitsøy m.fl.

500 000

11-22-0035

Digital heimeoppfølging i nettverket E-helse Vestland

Haugesund

500 000

11-22-0036

Implementering av BTI - bedre tverrfaglig innsats modell i Lund kommune

Lund

250 000

11-22-0038

Sandnes blir eldre – Kommunikasjonsplattform

Sandnes

250 000

SUM

   

10 000 000

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.