Forslag om vern av tre skogområde i Rogaland

Høyringsfrist:
25. september 2026
Indre Ulladalen - Foto: Solbjørg Engen Torvik

I tråd med naturmangfaldlova § 43 er nå forslag om vern av tre nye skogområde sendt på offentleg høyring. Alle kan komme med merknadar innan 25. september 2026. 

Publisert 06.07.2026

Verneforslaga omfattar tre nye naturreservat. Aktuell verneform er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Alle områda er tilbudd for vern av skogeigarane gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Her finn du meir informasjon om frivillig skogvern

Det er sendt ut to høyringsdokument, eitt for: 

og eit for begge områda i Dirdal:

  • Kleivane (tidl. Dirdal V), Gjesdal kommune, ca. 554 daa
  • Ramstoliane (tidl. Dirdal Ø), Gjesdal kommune, ca. 633 daa

Kart som visar forslag til avgrensing av foreslåtte verneområde kan lastast ned frå høgre marg og kan også finnast på kart i Naturbase og Temakart Rogaland. Me gjer merksam på at avgrensingane ikkje er endelege verneforslag, men er det arealet som greiast ut i verneprosessen. Endringar må forventast. 

Formålet med vernet

Skogvern skal medverka til at ingen artar eller naturtypar vert utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar. Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved. Mange høyrer også heime i skogtypane rik edellauvskog og boreonemoral regnskog. Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø vert sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald. Stortinget har sett ein nasjonal målsetnad å verna 10 % av skogarealet. Målet om eit representativt vern er forankra i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet (Meld. St. 14, 2015-2016) og gjeld vern av arter, naturtypar, økosystem og landskap. Etter siste vernevedtak i desember 2025, er nær 5,5 % av all skog i Noreg verna (Miljødirektoratet)

Områda i høyringa omfattar blant anna rike edellauvskogar, gammal furuskog, fattig boreonemoral regnskog med boreale lauvtre og rik boreonemoral regnskog med edellauvskog, samt noko rik sumpskog. Skogane er gjennomgåande eldre og har lite menneskelege inngrep. Fleire av verneforslaga har et rikt biologisk mangfald med trua og nær trua naturtypar og arter.

Høyringsdokumenta og nærare informasjon om områda finn du i lenker til denne nettsaka:

  • Høyringsbrev som er eit oversendingsbrev med nyttig informasjon
  • Høyringsdokumentet finst utfyllande informasjon om områda, blant anna storleik, kva for verneverdiar som finst, og en gjennomgang av dei innspela me fekk etter oppstartsmeldinga
  • Kart med framlegg til vernegrenser og verneforskrifter som visar kva reglar som blir foreslått for dei enkelte områda
  • Mottakarlista viser kven som skal ha fått høyringa tilsendt direkte. Du kan komma med merknadar sjølve om du ikkje står på adresselista
  • Rapporter frå naturfaglege kartleggingar 

Skoganalyserapportar er ein ny type rapport som blir utarbeidd når eit område er skogkartlagt etter Instruks for naturfaglege registreringar i skogvernarbeidet. I denne storyen kan du lese om kva som inngår i analysane og korleis me vurderer om skogen er verneverdig. For alle områda føreligg ein skoganalyserapport som dannar kunnskapsgrunnlaget. Andre kunnskapskjelder er nasjonale og regionale databasar.

Merknadar

Eventuelle merknadar eller fråsegn kan sendast med brev eller e-post til Statsforvaltaren i Rogaland. Ver venleg å merke sendinga til dei ulike høyringane ulikt: 

  • fråsegn til Indre Ulladalen naturreservat merkast med saksnummer 2022/154
  • fråsegn til Kleivane naturreservat og Ramstoliane naturreservat merkast med saksnummer 2023/5390

Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger

E-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no   

Frist for uttale til høyringa er 25.09.2026.

Høyringa vil også bli kunngjort i Stavanger Aftenblad og Norsk Lysingsblad.