Psykisk helse og rus

Oppdatert 26.02.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.07.2014

Tilskot til kommunalt rusarbeid 2014


Publisert 12.06.2014

Fleire kommunar ynskjer øyremerkte midlar til kommunalt rusarbeid.

Sintef har nyleg fullført rapporten "Kommunalt rusarbeid og innlemming av statlig rustilskudd i den kommunale rammen».


Publisert 30.05.2014

Ny rettleiar om føreskriving av vanedannande lækjemiddel.

Helsedirektoratet har oppdatert rettleiaren "Vanedannende legemidler - forskrivning og forsvarlighet" fra 2001.


Publisert 02.05.2014

Nytt verktøy for godt lokalt psykisk helse- og rusarbeid

Helsedirektoratet har publisert "Sammen om mestring", ein rettleiar for lokalt psykisk helse- og rusarbeid. Formålet med rettleiaren er å synliggjøre brukerane sine behov og understøtte det lokale psykiske helsearbeid og rusarbeidet for vaksne. Rettleiaren retter seg og mot dei distriktspsykiatriske senterane (DPS) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Med rettleiaren ynskjer Helsedirektoratet å klargjere nasjonale forventningar og stimulera til vidareutvikling og forbetring av tenestetilbodet.


Publisert 25.04.2014

Regional kompetanseplan for rus og psykisk helse i Rogaland for 2014

Kompetansesenter rus - region vest Stavanger, Rogaland A-senter (KoRus vest Stavanger) og Fylkesmannen i Rogaland skal iverksette ulike kompetansehevande tiltak. Satsninga tar utgangspunkt i årlege oppdragsbrev frå Helsedirektoratet.

Representantar frå kommunane, rådgjevarar med brukarerfaring og representantar frå helseføretaka og utdanningsinstitusjonar har vore med i utforming av kompetanseplanen. Planen gjer eit bilete på kompetansetiltak som er tilgjengelege for målgruppa til Fylkesmannen og KoRus vest Stavanger.


Publisert 24.04.2014

Regional kompetanseplan for rus og psykisk helse i Rogaland for 2014

Kompetansesenter rus - region vest Stavanger, Rogaland A-senter (KoRus vest Stavanger) og Fylkesmannen i Rogaland skal iverksette ulike kompetansehevande tiltak. Satsninga tar utgangspunkt i årlege oppdragsbrev frå Helsedirektoratet.

Representantar frå kommunane, rådgjevarar med brukarerfaring og representantar frå helseføretaka og utdanningsinstitusjonar har vore med i utforming av kompetanseplanen. Planen gjer eit bilete på kompetansetiltak som er tilgjengelege for målgruppa til Fylkesmannen og KoRus vest Stavanger.


Publisert 25.10.2013

Ny rettleiar for utlevering av substitusjonslegemiddel til rusmiddelavhengige

Substitusjonsbehandling er eit tilbod til heroin- og opioidavhengige. Helsedirektoratet har nyleg publisert ein praktisk rettleiar om utlevering av substitusjonslegemiddel. Rettleiaren er no tilgjengeleg i nettilpassa form på www.Helsebiblioteket.no


Publisert 07.06.2013

Gratis tannhelsehjelp til rusavhengige

Rusavhengige har rett på eit gratis, regelmessig og oppsøkjande tannhelsetilbod.


Publisert 07.05.2013

Regional kompetanseplan- kompetanse og utviklingsarbeid på rusområdet i Rogaland

Fylkesmannen og Kompetansesenter rus, region vest Stavanger v/ Rogaland A- senter (KoRuS vest) skal på oppdrag frå Helsedirektoratet og på innspel frå kommunar, spesialisthelseteneste, pårørande og brukarar gje tilbod om  ulike kompetansehevande tiltak. Planen er eit verktøy for nye innsatsar mellom anna rusførebygging for barn og unge, tidleg intervensjon og  innsatsar for rusmiddelavhengige.

Les meiri planen Regional kompetanseplan 2013.


Publisert 08.02.2013

Kurs - Tverrfagleg samarbeid i ly eller lys av teieplikta?

Haugalandsløftet inviterer i samarbeid med fleire andre instansar fagpersonar som arbeider med barn og unge til gratis kurs om teieplikt.

Tema for kurset er: Tverrfagleg samarbeid i lys eller ly av teieplikta? og føredragshaldar er advokat Rikke Lassen.