Psykisk helse og rus

Oppdatert 26.02.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.03.2020

Stor økning i klager på vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien

Fylkesmannen i Rogaland behandlet 120 klager på tvangsmedisineringsvedtak i 2019. Dette er en stor økning fra 62 saker i 2017 og 83 saker i 2018.


Publisert 15.01.2020

Rapportering på tilskot til Psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Tilskotsordninga er avlutta fra og med i år. Rapporteringa gjeld kommunane som har fått tilskot i 2019, også dei som overfører heile tilskotet til 2020.


Publisert 05.02.2019

Endring i tilskotsordninga "Tilbud til menneske med langvarige og samansette tenestebehov

Det blei i statsbudsjettet varsla endringar i tilskotsordninga Tilbud til menneske med langvarige og/eller samansette tenestebehov på  kapittel 765.60 , jf. side 218 i Prop. 1 S (2018-2019).

Frå og med 2019 er denne ordninga delt inn i to tilskotsordningar og dei nye regelverka er godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet.


Publisert 04.02.2019

Viktig tolkingsuttale frå Helsedirektoratet om tvangsmedisinering i psykiatrien

Helsedirektoratet si uttale kommer etter at Sivilombudsmannen i to saker har reist prinsipielle spørsmål ved regelverket gjeldande tvangsmedisinering


Publisert 31.01.2019

Kommunane utviklar tenester i tråd med måla for Opptrappingsplan for rusfeltet

Opptrappingsplanen for rusfeltet skal sikre auka kapasitet og betre kvalitet i tilbodet til folk som har, eller er i ferd med å utvikle rusmiddelproblem.

Ein ny Fafo-rapport viser at det er for tidleg å måle verknaden av opptrappingsplanen for rusfletet. Samstundes peikar rapporten på at merksemde om planen har medverka til at kommunane sin andre statusrapport fra evalueringa av Opptrappingsplanen peikar på at kommunane utviklar tenester i tråd med måla for opptrappingsplanen.


Publisert 22.01.2019

Nyoppretta bistandsteam i saker som gjelder tvang etter HOL §§10-2 og 10-4.

Bistandsteamet skal tre saman når kommunen har behov for å diskutere spørsmål knytet til tvang etter Helse og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-4.


Publisert 17.12.2018

Skjerming i psykisk helsevern skaper risiko for umenneskelig behandling

Sivilombudsmannen har publisert en temarapport som viser at flere forhold ved skjerming i psykisk helsevern gir grunn til bekymring for pasientene.


Publisert 04.12.2018

Tilskott Psykologer i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har kunngjort tilskottsordninga «Psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene».


Publisert 25.09.2018

Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus

 

Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.

 


Publisert 03.09.2018

Pasientar får meir medhald i klager på vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien etter lovendring

Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Formålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.