Ny rettleiar om føreskriving av vanedannande lækjemiddel.

Helsedirektoratet har oppdatert rettleiaren "Vanedannende legemidler - forskrivning og forsvarlighet" fra 2001.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.05.2014

Målgruppa for den oppdaterte rettleiaren er særleg fastlegane, men òg andre som føreskriv vanedannande lækjemiddel. 

Målet med  rettleiaren er å gje god fagleg støtta til helsepersonell som rekvirerer, slik at ein unngår at pasientar blir avhengige og at dei som allereie er avhengige får hjelp til å trappa ned.

 Ei viktig endring frå tidlegare rettleiar er at det no blir anbefalt å bare rekvirera eitt vanedannande lækjemiddel til same pasient. Det blir òg anbefalt at ikkje medikamentelle tiltak og eventuell anna lækjemiddelbehandling av angst, søvnløyse og smerter skal vurderast før behandling med vanedannande lækjemiddel blir iverksett.

Helsedirektoratet har elles skrive ein kort og informativ omtale av rettleiaren som finst her.

I tråd med Helsedirektoratet sin satsing på bruk av digitale medium finst retningslinja bare på nett. Den digitale retningslinja finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.