Omsorgstenester

Oppdatert 08.04.2024

Kommunen har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Omsorgstenester skal organiserast slik at den enkelte så lenge som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i samråd med brukaren. Statsforvaltaren fører tilsyn og kontroll med dei kommunale tenestene. 

Fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller løn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen yter teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på same måte som i vanlege heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i korleis kommunens vurderer behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen din til kommunen. Dersom klagen ikkje når fram, blir klagen automatisk send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 24.05.2019

Leve heile livet - kvalitetsreform for eldre

Kommunal planlegging og samfunnsplanlegging vert eit sentralt verkemiddel i gjennomføringa av reforma. Kommunane er inviterte til dialog om reformarbeidet.


Publisert 31.10.2018

Rettleiar om pårørandeinvolvering og støtte

Mange pårørande har store ansvars- og omsorgsoppgåver og dei utgjer ein
sentral del av samfunnet sin totale omsorgsressurs. Rettleiaren handlar
om rettar til pårørande og plikter til helse- og omsorgstenesta. Den har
lenker til nyttige verktøy, metodar og publikasjonar.    


Publisert 05.06.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.


Publisert 28.05.2018

191 personar på venteliste til sjukeheim i Rogaland

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass.


Publisert 16.01.2018

Årsrapport 2018 – Kompetanseløft 2020

Kompetanseløft 2020 er regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanse- og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta fram mot 2020.


Publisert 15.12.2017

Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken


Publisert 04.10.2017

Ny oppgåve for den kommunale omsorgstenesta

Personar med særleg tyngande omsorgsarbeid har nå rett på pårørandestøtte i form av eit vedtak om opplæring og rettleiing frå kommunen.


Publisert 28.03.2017

E-læringskurs om tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

God sakshandsaming er viktig for at dei som treng kommunale helse- og omsorgstenester skal få riktige tenester.