Nettverk for Aldersvenleg Rogaland

Biletet er frå samlinga den 16. mars. (Foto: Ida Elisabeth Gaard)

Etter initiativ frå kommunane Suldal, Tysvær og Randaberg er det oppretta eit nettverk med tema aldersvenleg samfunn. Det er kalla Aldersvenleg Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.07.2022

Arbeidet for eit aldersvenleg samfunn er eitt av fem innsatsområder i kvalitetsreforma for eldre, Leve hele livet.

Initiativkommunane driv nettverket saman med Senter for aldersvenleg Norge, KS i Rogaland og Statsforvalteren. Målet er å dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid om aldersvenleg utvikling på tvers av kommunane.

Aldersvenleg Rogaland har hatt ei fysisk samling og eit webinar i 2022. Tema for samlingane har vore forankring av arbeidet med aldersvenleg samfunn.

Det er planlagt ny samling den 2. november. Til nå har 18 av kommunane i Rogaland delteke på arrangement, og samlege har meldt at dei vil delta til hausten.

Nettverket har tatt initiativ til felles innsats for å utplassera aldersvenlege benker i uteområde, «Rogalandsbenken»

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar