Vellukka samfunnsikkerheitskonferanse

Spennande tema, gode innleiarar og rekordhøgt frammøte danna hovudramma for årets sikkerheitskonferanse, som blei arrangert for 10. gang. Justis- og beredskapsminister Grete Faremo var hovudtaler og hun starta foredraget sitt med å fortelje at konferansen er eit  førebilete på samvirke som er eit av prinsippa som beredskapsarbeidet må byggje på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2013

- Forteljinga om 22. juli er forteljinga om ressursar som ikkje fann kvarandre. Samvirke og samarbeid mellom ansvarlege aktørar er nøkkelfaktorar i alt arbeid for betre sikkerheit. Sikkerheitskonferansen har vist at Fylkesmann, Universitet, Forsvar, Politi og Direktorat kan samarbeide på ein god måte. De har i ti år gått saman om å skape møteplassar for beredskapsarbeid og illustrerar at Rogaland er det fremste fylket innan samfunnssikkerheit, sa Faremo.

Jubileumskonferansen hadde "det robuste Noreg" som gjennomgripande tema og bakteppet var tragediane som skjedde 22. juli 2011. Eit hovudspørsmål etter 22. juli er om Noreg har vore godt nok førebudd på denne type hendingar og om beredskaps- og sikkerheitsarbeidet har vore så bra som det kunne.

Konferansen ville difor reise spørsmål som:
- Er me robuste nok?
- Har me eit realistisk risikobilde å planleggje ut frå?
- Har me nok kunnskap?
- Er me opptatt av å finne syndebukkar i staden for å få fram læring?
- Er me rett og slett for naive i Noreg?

Blant foredragsholdarane fann me den ferske politidirektøren Odd Reidar Humlegård, flaggkommandør Nils Johan Holte, Jon Lea, direktør for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, fylkesmannen Tora Aasland og Bjørn Otto Sverdrup, sekretariatsleiar for Gjørv-kommisjonen. I tillegg fekk vi høyre Universitet i Stavanger sine eigne fagfolk som Terje Aven, Ove Njå og Odd Einar Olsen, samt professor Tore Bjørgo får Politihøgskulen, professor Peter Burgess frå Prio, tidligare Aftenbladet-redaktør Tom Hetland og Erik Thomassen frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Konferansen blei kyndig leia av fylkesmann Tora Aasland og universitetsrektor Marit Boyesen.

Vi vil legge lenkje til foredraga så snart dei ligg føre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Samfunnsikkerheitskonferansen blir arrangert årleg i byrjinga av januar. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Rogaland, Universitetet i Stavanger, Politiet, Forsvaret og Direktoratet for sikkerheit og beredskap.

Konferansen blei arrangert første gang januar 2004.