Søkjelys på demokrati og stemmerett

Dei to neste åra skal vi markere to viktige jubiléer; 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett i 2013 og grunnlovsjubiléet i 2014. Fylkeskomiteen ønskjer stort engasjement, brei deltaking og gode idéar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2013

Komiteen for Stemmerettsjubiléet og Grunnlovsjubiléet i Rogaland blir leia av fylkesmann Tora Aasland, med fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen som nestleiar. Komiteen har vald å sjå jubiléa i samanheng. Sentralt i begge står demokratibygging og likestilling.

Jubiléa vil bli feira både nasjonalt og lokalt og i Rogaland er det fylkeskommunen som koordinerer arbeidet.

I samband med dette har fylkeskommunen både oppretta ein eigen nettstad og tilsett prosjektleiar, Borgfrid Møen.
Her finn du nettstaden.

Nettstaden skal fungere som ein idé- og informasjonsbank for kommunar, organisasjonar, lag og foreiningar. Her kan aktørar og arrangørar i heile fylket finne samarbeidspartnarar og få gode tips. Her skal ein legge ut informasjon om søknadsfristar, ulike ressursar, programtilbod og anna nyttig.

Derfor er oppfordringa: Bruk nettstaden aktivt!

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.