Regionale miljøtilskot (RMP)

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.
Oppdatert 27.07.2022

Miljøvirkemidla i regionale miljøtilskot i jordbruket skal møte viktige miljøutfordringar i fylka med lokalt tilpassa virkemidlar. Sida er under kontinuerleg oppdatering for gjeldande søknadsomgang 2022. 

Fastsetting og forvaltning av regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statforvaltaren i Møre og Romsdal i samråd med næringsorganisasjonane, og innanfor rammene gitt i det nasjonale miljøprogrammet. Gjeldande program er for perioden 2019- 2022. 

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker.

Søknadsfristar 2022

Søknadsportalen opnar 15. september og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november. Utbetaling skjer i mars påfølgjande år.

I høgre margen finn du meir informasjon om aktuell søknadsomgang 2022.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.08.2022

Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 17. august

Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel i Regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 17. august.


Publisert 25.04.2022

Vern om trua fugleartar i jordbrukslandskapet

Straks startar slåtten, og kanskje har du trua fugleartar hekkande i enga. Sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe - du kan bidra til å redde dei.


Publisert 05.04.2022

Rapport for RMP 2021

Det regionale miljøprogrammet skal bidra til å ta vare på jordbrukets kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, samt redusere avrenning til vatn og utslepp til luft. 


Publisert 17.09.2021

Søk om regionalt miljøskot for 2021

No er det opna for å søkje om regionalt miljøtilskot (RMP) for 2021. Søknadsfristen er 15.oktober. 


Publisert 09.07.2021

Nytt tiltak i RMP: Klimarådgjeving

Frå i år blir klimarådgjeving tatt inn som nytt tiltak i regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP). Dette er ei konkret føring frå jordbruksavtalen.


Publisert 30.04.2021

Utbetaling av regionale miljøtilskot for 2020

I mars ble det betalt ut regionalt miljøtilskot for 2020. I alt ble det betalt ut 22,3 millionar kroner til 1052 føretak.


Publisert 26.05.2020

Informasjon om regionalt miljøprogram (RMP) 2020

Det er blitt vår og sommaren nærmar seg. Det er tid for å planlegge og gjennomføre dei tiltak som det kan bli gitt tilskot til gjennom regionalt miljøprogram (RMP).


Publisert 18.05.2020

Utbetaling av regionale miljøtilskot for 2019

I mars 2020 vart det betalt ut ca. 21,5 mill. kroner i regionale miljøtilskot (RMP) til bønder i Møre og Romsdal. Dette gjaldt søknadsomgangen 2019.


Publisert 19.09.2019

Regionalt miljøprogram 2019

Det er snart tid for å søke om regionalt miljøtilskot (RMP). Søknadsfrist 15. oktober.


Publisert 07.06.2019

Vern om trua fugleartar i jordbrukslandskapet

Straks startar slåtten, og kanskje har du trua fugleartar hekkande i enga. Sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe - du kan bidra til å redde dei.