Vern om trua fugleartar i jordbrukslandskapet

Straks startar slåtten, og kanskje har du trua fugleartar hekkande i enga. Sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe - du kan bidra til å redde dei.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.06.2019

Gjer avtale med Fylkesmannen om å utsette slåtten der fuglane hekkar. Då gjer du ein god innsats for å ta vare på desse fugleartane. Søk så om tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram til dette tiltaket.

Tidlegare var det vanleg å sjå vipe trippe langs veikanten om våren, og fleire av dei vanlege fugleartane i jordbrukslandskapet er i sterk tilbakegang. Dette gjeld både storspoven og vipa, og åkerriksa har vore sjeldsynt i mange år. Tilbakegangen har fleire årsaker, men ein viktig grunn er at reir og ungar vert øydelagde av slåtten.

Gjennom regionalt miljøprogram kan gardbrukarar i Møre og Romsdal få finansiert tiltak for å ta vare på hekkeplassane og fuglane, når du har hekkande fuglar i enga. Det kan gjevast tilskott for å utsetje slåtten der det er påvist hekking av desse tre artane.

Vi oppmodar om at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markene rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen, og andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Vilkår for å få tilskot til dette tiltaket, er:

  • Grunnvilkåra for Regionale miljøtilskot er oppfylte
  • Hekkinga vert stadfesta av fylkesmannen etter t.d. rapport frå grunneigar eller annan med god kunnskap
  • Slåtten av eit areal omkring reiret vert utsett til etter 1. august
  • Tiltaket vert avtalt på førehand
  • Fylkesmannen fastset storleiken på arealet

Åkerrikse er vanskelig å oppdage, fordi den ofte ikkje lettar, om du kjem nær. I staden gøymer den seg i graset. Du kan høyre den karakteristiske lyden av åkerrikse om kvelden og natta og ut over morgonen - nesten som når du dreg tommelfingernaglen over ein kam.

Vipa er lettare å få auge på, der den trippar langs kanten av enga eller flyg over markene. Den ser etter opne område, som er rike på meitemark og insekt.

Storspove er den største vadefuglen vår, og vert rekna som kulturlandskapet sin fugl, men trivst også på lyngheier, myrar og strandenger.