Nytt tiltak i RMP: Klimarådgjeving

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Frå i år blir klimarådgjeving tatt inn som nytt tiltak i regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP). Dette er ei konkret føring frå jordbruksavtalen.

Publisert 09.07.2021

Føretak som har gjennomført klimarådgjeving i perioden fram til 15. oktober i år kan søke om tilskot gjennom RMP no i år. Tilsvarande vil det vere vidare; Klimarådgjeving må vere gjennomført i perioden 15. oktober foregåande år til 15. oktober i søknadsåret. Formålet med slik rådgjeving er ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak av klimagasser på garden med sikte på å gjennomføre klimatiltak. Tiltaksplan og kvittering for utført rådgjeving må leggast ved søknaden.

Den som har stått for rådgjevinga må vere godkjent som klimarådgjevar av Landbruksdirektoratet. Rådgjevingsopplegget må også vere godkjent av Landbruksdirektoratet. På heimesida til direktoratet ligg det ute ei oppdatert oversikt over dei som er godkjente klimarådgjevarar i kvart fylke. Så langt vi kan sjå er det landbruksrådgjevinga (NLR) og rådgjevingstenesta til TINE som p.t. har godkjente klimarådgjevarar.

Vi kjem til å ha 3 ulike tiltaksklasser:

  • Ein-til-ein-rådgjeving med høg sats. Ein-til-ein-rådgjeving med høg sats. Tiltaksplan som omfatter både husdyrproduksjon og planteproduksjon. Foreløpig sats: kr 6 000
  • Ein-til-ein-rådgjeving med lav sats. Tiltaksplan som omfatter enten husdyrproduksjon eller
    planteproduksjon. 
    Foreløpig sats: kr 4 000
  • Grupperådgjeving. Tiltaksplan som er utarbeidd med bakgrunn i rådgjeving retta mot to eller fleire føretak samla. Foreløpig sats: kr. 2 000