Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 17. august

Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel i Regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 17. august.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2022

Møre og Romsdal Bondelag har bedt om at fristen for spreiing av husdyrgjødsel vert utsett på grunn av uvanleg mykje nedbør i juli. Fristen var i utgangspunktet 10. august. 

Seinare gjødsling

I mange område i fylket har det vore vanskeleg å hauste første slåtten til vanleg tid. Nokre bønder var ikkje ferdige før langt ut i juli. Dette fører til seinare utkøyring av husdyrgjødsel.

Frist 17. august i RMP

Med utsett frist vert det gjeve regionalt miljøtilskot til føretak som spreier all husdyrgjødsel på arealet sitt seinast 17. august. Den nye spreiefristen gjeld miljøtiltaka «Spreiing i vår-/vekstsesong» og «Bruk av tilførselsslangar» i Regionalt miljøprogram.

Det vert presisert at arealet etter spreiing skal haustast ved slått eller beiting i år.