Regionale miljøtilskot (RMP)

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Miljøvirkemidla i regionale miljøtilskot i jordbruket skal møte viktige miljøutfordringar i fylka med lokalt tilpassa virkemidlar. Sida er under kontinuerleg oppdatering for gjeldande søknadsomgang 2021. 

Fastsetting og forvaltning av regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statforvaltaren i Møre og Romsdal i samråd med næringsorganisasjonane, og innanfor rammene gitt i det nasjonale miljøprogrammet. Gjeldande program er for perioden 2019- 2022. 

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker.

Søknadsfristar 2021

Søknadsportalen opnar 15. september og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november. Utbetaling skjer i mars påfølgjande år.

I høgre margen finn du meir informasjon om aktuell søknadsomgang 2021.

 


Publisert 01.07.2016

Slå eit slag for slåttemarka

Miljødirektoratet har utarbeidd ei flott brosjyre om slåttemarker. Den inneheld mykje nyttig informasjon om kva det er, kven som bor der, korleis skjøtte desse kulturskattane og kvifor dei er viktige for oss.