Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.
Vår telefontid
Seksjon helse
Vi ønsker å jobbe raskare med saka di. For å få meir tid til skriftleg saksbehandling, har vi innført telefontid:
Medarbeidarar i Seksjon helse tek berre imot direkte førespurnadar på telefon tysdagar og torsdagar mellom klokka 12 og 14.
Unntak:
Du kan ringe utanom telefontida dersom førespurnaden din gjeld klage på vedtak om tvangsmedisinering innan psykisk helsevern.
Du kan nå oss på telefon 71 25 84 00. Sentralbordet er betjent alle kvardagar frå klokka 08.00-15.30.
Du kan sende melding til oss
Du kan når som helst sende ei sikker melding via skjemaet på nettsida vår.
Skjemaet er kryptert og meldinga går direkte inn i saksbehandlingssystemet vårt.
Bruk gjerne skjemaet Klage på helsehjelp – då får du spørsmål som hjelper oss å få rett informasjon med ein gong
Ved å bruke eitt av desse skjema, gir du oss naudsynt informasjon om deg. Det gjer at vi raskare kan vurdere saka di.
Hugs å velje riktig embete i skjemaet.
E-post for meldingar utan sensitive opplysningar
Du kan sende e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no dersom meldinga di ikkje inneheld sensitive opplysningar.
Eksempel på sensitiv informasjon:
- Opplysningar om sjukdom eller helse, om deg sjølv eller andre
Viktig:
Ikkje send personopplysningar på e-post.