Webinar om endringar i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven

Frå 1. juni 2026 trer det i kraft fleire endringar i psykisk helsevernloven og i pasient- og brukerrettighetsloven. Helsedirektoratet har laga eit webinar om desse endringane.

Publisert 24.04.2026

Endringane påverkar samarbeidet mellom kommunale helsetenester – særleg sjukeheimar – og klinikk for psykisk helse og rus i spesialisthelsetenesta.

Endringane er òg relevante for andre som arbeider med pasientar som har alvorlege psykiske lidingar eller tilsvarande utfordringar der det er behov for bruk av tvang.

Opptak frå webinar

Den 15. april 2026 heldt Helsedirektoratet eit webinar om dei kommande endringane. Opptaket kan du sjå her: Webinar om endringer i psykisk helsevernloven og i pasient- og brukerrettighetsloven som trer i kraft frå 1. juni 2026 (video)

Webinaret gir mellom anna informasjon om lovendringane som omhandlar:

  • Psykisk helsehjelp til pasientar utan beslutningskompetanse som ikkje motset seg hjelp
  • Moglegheit for å gjennomføre vedtak om tvangsmedisinering med antipsykotika i sjukeheim
  • Lovfesting av rammer for elektrokonvulsiv behandling (ECT) utan samtykke
  • Strengare krav til farevurderingar i psykisk helsevern
  • Utvida rettar for pårørande ved fare og av omsyn til barn

Vi oppmodar òg til å lese brevet Informasjon og invitasjon til webinar om endringar i psykisk helsevernlova frå 1. juni 2026 (PDF)

Målgruppa er helsetenesta, statsforvaltarane og kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet og brukar- og pårørandeorganisasjonar.