Omsorgstenester

Kommunen har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Omsorgstenester skal organiserast slik at den enkelte så lenge som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i samråd med brukaren. Statsforvaltaren fører tilsyn og kontroll med dei kommunale tenestene. 

Fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller løn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen yter teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på same måte som i vanlege heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i korleis kommunens vurderer behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen din til kommunen. Dersom klagen ikkje når fram, blir klagen automatisk send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir


Publisert 14.12.2021

Betaling for hjelp i heimen

Retten til å ta betalt for tenester i heimen er regulert i forskrift, og kommunen må gjere vedtak før dei kan ta betalt.


Publisert 14.12.2021

Vilkår for hjelp i heimen

Kommunen må gi hjelp i heimen til dei som treng det, men kan ta omsyn til ressursane og stille visse vilkår.


Publisert 14.12.2021

Bruk av BPA-timar

Arbeidsleiar har rett til å avgjere korleis BPA timane skal fordelast gjennom veka i følge Helsedirektoratet.


Publisert 09.02.2021

Lettar opp på sjukeheimar

Når ein stor del av sjukeheimsbebuarar no er vaksinerte, kan det lettast opp på nokon av tiltaka.


Publisert 04.02.2021, Sist endra 04.02.2021

Rettleiar om pårørandeinvolvering og støtte

Rettleiaren om pårørande i helse- og omsorgstenesta omtalar rettigheitene til pårørande, pliktane til helse- og omsorgstenesta og gir anbefalingar om god praksis. Det er også lenkar til praktiske og nyttige verktøy, metoder og publikasjonar hos andre aktørar.


Publisert 04.02.2021, Sist endra 04.02.2021

Rettleiar for saksbehandling ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

Rettleiaren gir ei praktisk innføring i dei reglane som gjeld ved kommunal saksbehandling og tildeling av helse og omsorgstenester.


Publisert 02.09.2020

«Vi vil leve lenge vi, men gammel vil vi aldri bli»

Har DU gjort deg opp tankar omkring eigen alderdom?

Ja,  for vi lever lenger, og grensa for når ein blir gamal skyv vi framfor oss. I 2017 var forventa levealder 84,3 år for kvinner og 80,9 år for menn. Tala er blant dei høgste  i verda.


Publisert 03.02.2020, Sist endra 04.02.2021

Faglege råd for lindrande behandling i livets sluttfase

Helsedirektoratet har gitt ut Nasjonale faglege råd for lindrande behandling i livets sluttfase.


Publisert 16.11.2018, Sist endra 04.02.2021

Leve hele livet - ei kvalitetsreform for eldre

I mai 2018 kom kvalitetsreforma “Leve hele livet” som har fokus på å skape eit meir aldersvenleg Norge. Tidlegare reformer har ofte handla om system . Leve hele livet handlar om menneske. Med denne kvalitetsreforma er målet å få ei meir gjennomgåande og lik helseteneste, uavhengig av kva kommune ein bur i.


Publisert 09.11.2017

E-læringskurs om saksbehandling

Helsedirektoratet har laga eit e-læringskurs for å sikre god sakshandsaming ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane.