Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Statsforvaltaren skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Statsforvaltaren vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Statsforvaltaren skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Statsforvaltaren kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


Publisert 31.05.2021

Kommunane prioriterer barn og unge

Kommuneundersøkinga om levekåra i Møre og Romsdal viser at kommunane prioriterer folkehelsa til barn og unge. Kommunane er klar over at dei bør jobbe meir med bustadsosial planlegging.


Publisert 28.09.2020

Husk influensavaksine i haust!

Helsedirektoratet rår til at minst 75 prosent av alt helsepersonell med pasientkontakt skal vaksinera seg mot influensa.


Publisert 09.09.2019

Nok tid til skolematen

Helsedirektoratet anbefaler at elevar bør sikras nok tid til å spise på skolen.


Publisert 04.03.2019

Bekymret over lite fysisk aktivitet blant barn og unge

Det er bekymringsfullt at aktivitetsnivået til barn og unge ikke har økt, mener avdelingsdirektør Jakob Linhave i Helsedirektoratet.


Publisert 23.08.2018, Sist endra 17.02.2021

Høsten er tid for lusesjekk

Folkehelseinstituttet oppfordrar skolar og barnehagar om å arrangere kampanje mot hovudlus i veke 35.