Vi må snakke om sjølvmord!

Ved å tørre nærme oss dei rundt oss, kan vi avverje sjølvmord. Også du kan gjere det ved å sjå, spørje og lytte. Å spørje om sjølvmordstankar er ikkje farleg. Tør du?
Ved å tørre nærme oss dei rundt oss, kan vi avverje sjølvmord. Også du kan gjere det ved å sjå, spørje og lytte. Å spørje om sjølvmordstankar er ikkje farleg. Tør du? Foto: Scanstockphoto.

Vi må forstå at vi må snakke om sjølvmord og sjølvmordstankar. Det kan redde liv. Kor mange må vi miste før vi innser dette? Å gå nær og å våge å bry seg kan bety forskjellen på liv og død. Våger du? 

Publisert 10.09.2022

I 2021 var det 658 personar som tok sitt eige liv. Talet er høgare enn nokon gong før. Og det går ikkje ned, til tross for nasjonale handlingsplanar og strategiar.

Sjølvmord er eit betydeleg samfunns- og folkehelseproblem. På verdsdagen for førebygging av sjølvmord, 10. september 2020, lanserer Helsedirektoratet Handlingsplanen for førebygging av sjølvmord 2020 – 2025- «Ingen å miste». Med denne innfører dei ein nullvisjon for sjølvmord i Norge på samfunnsnivå. Denne visjonen er vi dessverre langt unna.

Kvifor veljar så mange å ta sitt eige liv? 

Å skulle forklare sjølvmord er komplekst. For dette handlar ikkje berre om psykiatriske diagnosar eller dårleg oppfølging i tenesteapparatet. Det er mange forhold som kan verke inn, til dømes relasjonelle, individuelle, kulturelle og samfunnsmessige forhold.  For mange kan det vere at talet på livsbelastningar blir for mange. Derfor må sjølvmord i større grad sjåast i ein større kontekst.

Folkehelseperspektiv 

I regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord er først og fremst retta mot sjølvmordsførebyggande tiltak. Men den må også sjåast i samband med det arbeidet som elles vert gjort i kommunane. Arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår, systematisk folkehelsearbeid og eit hjelpeapparat som både er tilgjengeleg og kvalifisert. 

For å førebygge betre må vi ha ei heilskapleg tilnærming og tenke livsløpsperspektiv. Førebygging må skje på fleire arenaer samtidig, der folk lever og bor. Vi veit at psykiske lidingar kan vere ein risikofaktor. Samtidig veit vi og at over halvparten av den vaksne befolkninga ein eller annan gong i løpet av livet vil oppleve psykiske problem. Dette må vi snakke om, fordi det og handlar om å inkludere, om å høyre til, om gode levekår og å oppleve meistring. Alt vi gjer for å skape gode levekår er med på å forebygge sjølvmord.  

Eit sjølvmord er eit for mykje 

Å avskaffe sjølvmord er truleg urealistisk, men å sette seg eit mål om eit lågare sjølvmordstal er mogleg og heilt nødvendig. Det er store omkostningar knytt til dette. Den som vel å ta sitt eige liv taper liv og moglegheiter. Pårørande lid store tap i form av sorg og smerte. Vi veit at for kvart sjølvmord er minst 10-15 pårørande involvert. Tapet er også stort for resten av samfunnet, som mister ressursane eit menneske kan tilføre, både sosialt, kulturelt og økonomisk.  

Opplysningskampanje 

I ein befolkningsundersøking i 2019 svarte 54 prosent at dei kjenner til kor personar som tenker på å ta livet sitt kan få hjelp, medan 26 prosent svarte at dei ikkje gjer det. Her er det eit klart potensiale for forbetring. Samtidig er det kjend at mange, og særleg menn, kan ha høg terskel for å søke hjelp. Kampanjane skal bidra til å auke kunnskapen til befolkninga om sjølvmord og depresjon, redusere stigma og å få utsette grupper til å søke hjelp. Målet er også at alle skal våge å handle om dei er bekymra for nokon. Det kan vere eit familiemedlem, ein ven eller ein kollega.

I oktober 2022 startar folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv»  i vår region. Målet med kampanjen er å få fram at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar.

Kampanjen skal auke merksemda i befolkninga om sjølvmordstankar, auke talet på dei som søker hjelp og auke kunnskapen om kvar ein kan få hjelp.

Samtalar om sjølvmordstankar er vanskelege og kan vere skremmande. Auka kompetanse kan gjere oss betre rusta til å ta dei vanskelege samtalane, både som helsepersonell, pårørande, kollega eller ven.

Fylkesvise tall 

Dødsårsaksregisteret viser at 20 personar tok sjølvmord i Møre og Romsdal i 2021. Det er lågast i landet. Trøndelag hadde 50 sjølvmord i same periode. Sjølv om statistikken for begge fylka ligg under landsgjennomsnittet, er dei likevel for høge til at vi kan slå oss til ro med dei. 

Kurstilbod og ressursar for kommunane 

Kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» skal nå ut til heile befolkninga i region midt, men med et særskilt fokus retta mot menn. Rundt to av tre norske sjølvmord kvart år er blant menn. 

Kommunane vil få tilbod om ei rekke kompetansetiltak for tilsette, for fastlegar, og andre ressurspersonar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Blant anna blir det fagdagar og kurs i å betre forstå og førebygge sjølvmord og sjølvskading, og omsorg for pårørande. Ulike kurs i regi av Vivat sjølvmordførebygging vil bli tilbydd. Informasjon om desse kursa vil ligge på heimesidene til RVTS-midt.  

Potensiale for sjølvmordsførebygging er stort 

Alle kan bidra i å førebygge sjølvmord. Ved å tørre nærme oss dei rundt oss, kan vi avverje sjølvmord. Også du kan gjere det ved å sjå, spørje og lytte. Å spørje om sjølvmordstankar er ikkje farleg. Tør du? 

 

Skrevet av (frå toppen): Laila Hoff Johansen, kommunikasjonsrådgivar hos RVTS-midt, Kenneth Ledang, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Trøndelag og Ragnhild Naas, rådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Alle foto er private.
Skrevet av (frå toppen): Laila Hoff Johansen, kommunikasjonsrådgivar hos RVTS-midt, Kenneth Ledang, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Trøndelag og Ragnhild Naas, rådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Alle foto er private.