Møte for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane

Dato:
2. oktober 2019 09.30 - 3. oktober 2019 15.30
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse

Presentasjonar frå møtet for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er publisert. 

 

Publisert 25.07.2019

Fylkesmannen i Vestland inviterer til møte for kommunalsjefar, fagleiarar og tenesteleiarar innan rus og psykisk helse i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brukarorganisasjonar er også velkomne til å delta på møtet. 

Tema for møtet er mellom anna:

  • Kva er status på feltet rus og psykisk helse i kommunane? Rus og psykisk helse – nær ved eller langt unna å nå målet om styrkt tenestetilbod?
  • Vald i nære relasjonar – førebyggje, avdekke og følgje opp
  • Utdeling av brukarutstyr – gode rutinar og kontroll
  • Brukarmedverknad i tenesteutvikling
  • Lågterskeltilbod i kommunane

Praktisk informasjon

Brukarorganisasjonar er velkomne til å delta med ein representant frå kvar organisasjon. 

Deltakaravgift er 500 kroner per dag. Påmelding til møtet er bindande. 

Om du må melde deg av møtet, er avmeldingsfristen 19. september 2019. Ta kontakt med Mona Fauskanger, sjå kontaktinformasjon under fana "Kontaktpersonar". 

Deltakarar som ikkje melder seg av innan avmeldingsfristen, og ikkje møter, blir fakturert for dei faktiske kostnadane knytt til påmeldinga; dagpakkar og eventuelt overnatting og middag. 

Fylkesmannen inviterer til felles middag 2. oktober kl. 18.00. Meld frå om du ynskjer å delta på felles middag i påmeldingsskjemaet. Det er ikkje eigen deltakaravgift for middagen. 

Deltakarar med lang reiseveg kan få dekt overnatting. Meld frå om behov for overnatting i påmeldingsskjemaet.

Fylkesmannen dekkjer ikkje utgifter til reise i samband med møtet.