Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 30.03.2020

Rettleiar for gjennomføring av smitteverntiltak overfor pasientar og brukarar

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiar som gjer greie for rettsgrunnlaga for gjennomføring av ulike tiltak overfor personar med og utan samtykkekompetanse i helse- og omsorgstenesta.


Publisert 30.03.2020

Ekstra skjønnsmidlar til kommunane

Etter koronautbrotet er det vedteke å auke skjønnsramma til kommunane med 250 mill. kroner. Fylkesmannen i Vestland har no fordelt 23,7 mill. kroner til kommunane.


Publisert 27.03.2020

Skule- og barnehagetilbod og foreldrebetaling

Her finn du informasjon om skule- og barnehagetilbod og foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen.


Publisert 26.03.2020

Opphaldsløyve til sesongarbeidarar under covid-19-pandemien

Arbeidstakarar som har eller nyleg har hatt opphaldsløyve og som oppheld seg i Norge under covid-19-pandemien, kan få fornya opphaldsløyve sjølv om samla opphaldstid vert overskride.


Publisert 26.03.2020

Familievernkontora opnar att

I første omgang får familiar som treng det, eit tilbod om hjelp via telefon. Sentralbordet til familievernkontor i alle regionar skal vere opne frå i dag.


Publisert 26.03.2020

Alle eksamenar er avlyst

Den 25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.


Publisert 25.03.2020

Barn og unge som ønsker å komme i kontakt med oss

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengeleg for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komme i kontakt med oss. 


Publisert 25.03.2020

Midlertidig forlenging av førarrett

For å avgrense fastlegane sitt arbeid har Vegdirektoratet i samråd med Helsedirektoratet bestemt å forlenge utgått førarrett utan krav til ny helseattest.


Publisert 24.03.2020

Informasjon til friskulane om koronasituasjonen

Alle friskular og skular godkjent etter voksenopplæringslova kap. 4 har fått eit brev med avklaringar på ein del sentrale problemstillingar knytt til at skulane må halde stengt.


Publisert 24.03.2020

Fylkesmannens råd om koronatiltaka

Alle fylkesmenn fekk i helga i oppdrag om å gjere greie for positive og negative effektar av koronatiltak, og kome med råd om kva som burde skje vidare.