Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.


04.06.2021

Ikkje alle skal halde seg heime under pandemien

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har omsett informasjonsfilmar om krisesenter til ei rekkje ulike språk. 


27.05.2021

Vil førebyggje at barn og unge blir utsett for negativ sosial kontroll i sommarferien

Tenestene i kommunar og fylkeskommunar har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet, og plikter å hjelpe barn og unge som er utsett for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.


18.05.2021

Dokumentasjonskrav ved fråvær på eksamen som følgje av Covid-19

Ingen med symptom på covid-19, eller som er i karantene, skal møte til eksamen.


30.04.2021

Kor mange helsepersonell har fått AstraZeneca-vaksine i din kommune?

Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.


27.04.2021

Raudt nivå i skulen avgrensar smitte effektivt

Heimeskule ser ikkje ut til å gje ein tilleggseffekt. Dette kjem fram i ein ny rapport om smitteverntiltak i skulen.


23.04.2021

Stor variasjon i korleis pandemien har påverka dei som bur på barnevernsinstitusjon

Helsetilsynet finn det svært bekymringsfullt at nokre barn og unge i barnevernsinstitusjonar ikkje har fått den hjelpa dei har behov for og krav på under pandemien.


22.04.2021

Bli med på markering av Håndhygienedagen

Smittevern er livsviktig! Det siste året med covid-19 har gjort dette endå meir tydeleg for oss. 5. mai er verdas handhygienedag.


20.04.2021

Mellombelse tilpassingar i fag- og timefordelinga og avvik frå kompetansemål skuleåret 2020-2021

Kunnskapsdepartementet har fastsett at det òg dette skuleåret kan gjerast tilpassingar i fag- og timefordelinga, dersom visse vilkår er oppfylte.


12.04.2021

Smittevernrettleiar for vidaregåande skular på engelsk

Rettleiaren som er oversett til engelsk gir råd og rettleiing til vidaregåande skular i samband med korona-utbrotet (COVID-19).


09.04.2021

Midlertidige korona-lover er forlenga

Tre mellombelse lover for utdanningssektoren er forlenga med tre månader frå 9. april 2021.