Nettverkssamlingar om kvalifiseringsprogrammet

Oppdatert 13.03.2023

Statsforvaltaren i Vestland held fram med nettverkssamlingar om kvalifiseringsprogrammet. 

Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette i Vestland som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Statsforvaltaren er vertskap, i samarbeid med Nav Vestland.

Nettverket har ei arbeidsgruppe som set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa for 2023 er det tilsette frå ulike Nav-kontor i Vestland, ein tilsett frå Nav Vestland og to tilsette frå Statsforvaltaren i Vestland. Dersom du ønskjer å vere med i arbeidsgruppa, ta kontakt.

Har du spørsmål om nettverket eller innspel til tema, så ver venleg å ta kontakt. Kontaktinformasjon finn du under "Kontaktpersonar" på denne sida.

Nettverkssamlingar i 2023

Vi tek atterhald om endringar.

Alle samlingane er opne for alle i Nav-kontora i Vestland som arbeider med kvalifiseringsprogrammet, uavhengig av kvar samlinga finn stad.

Vi legg ut informasjon om tema for samlingane så snart dei er klare. Etterkvart kan du klikke på datoane for å gå til oppslag i kurs- og konferansekatalogen vår. Informasjon og påmeldingsskjema kjem der når samlingane nærmar seg. 

For digitale samlingar sender vi ut oppkoplingslenkje til møte i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet.

Arkiv - Nettverkssamlingar i 2022

Arkiv - Nettverkssamlingar i 2021

Arkiv - Nettverkssamlingar i 2020

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Medlemmar i arbeidsgruppa

  • Kari Askeland, Nav Bjørnafjorden
  • Merethe Thorsen, Nav Bergenhus
  • Dahir S. Egal, Nav Årstad
  • Helene Flatøy Flotve, Nav Sunnfjord
  • Anita Olsen Falk, Nav Kvinnherad
  • Mona Elin Johnsen Flæte, Nav Sunnfjord
  • Marianne Bjørkly, Nav Vestland
  • Kjerstin-Mari Holm Carlsen, Statsforvaltaren i Vestland
  • Cecilie Jantzen, Statsforvaltaren i Vestland