Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
17. september 2020 09:15 - 14:15
Stad:
Digital samling - påmelde deltakarar får tilsendt lenke dagen før samlinga
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet

Tema for samlinga blir inkluderingskompetanse i Nav. Samlinga blir gjennomført digitalt over Teams.  

Publisert 26.06.2020

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP). 

Vi får innlegg om ny rettleiar for inkluderingskompetanse i Nav ved Nav Vestland og om jobbhåp ved Nav arbeidslivssenter. Det blir lagt opp til erfaringsutveksling mellom deltakarane.  

Program for og presentasjonar frå den digitale samlinga finn de under fana «Dokument». 

Praktisk om samlinga

9. september blei det av omsyn til gjeldande reglar bestemt at samlinga blir digital via plattforma Teams. Påmelde til samlinga vil få tilsendt ei lenke til denne, dagen før samlinga. 

Påmeldingsfrist for samlinga er gått ut. Då samlinga er digital, er det framleis høve til å delta ved å ta kontakt med Siren Rørgård Skjerven innan tirsdag 15.09.2020 kl. 15.00. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Dato:
17. september 2020 09:15 - 14:15
Stad:
Digital samling - påmelde deltakarar får tilsendt lenke dagen før samlinga
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet