Nettverkssamling for kvalifiseringsprogrammet i Bergen

Dato:
18. april 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Hotel Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet

Det blir samling den 18. april. Samling med liknande program blir arrangert på Skei i Sunnfjord den 17. april.

Publisert 01.03.2024, Oppdatert 26.03.2024

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Tema på samlinga er mellom anna innvandrarkvinner i kvalifiseringsprogram. Det blir innlegg ved Statsforvaltaren og andre, gruppearbeid og erfaringsdeling. Programmet finn du under "Dokument".

Dersom du har erfaring med innvandrarkvinner og kvalifiseringsprogram som du kan tenke deg å dele i eit eige innlegg, vil vi legge til rette for det i programmet. Ta i tilfelle kontakt med oss seinast 22. mars. Det er også fint om du har forslag til case eller problemstillingar vi kan ta opp.

Praktisk informasjon og påmelding

Det er ikkje lenger ledige plassar på samlinga og vi har difor stengt for påmelding.

Det er gratis å delta. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir ein veg, kan få dekka overnatting frå 17. til 18 april. Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Påmeldinga er bindande. Dersom du har meldt deg på, men likevel ikkje kan delta, ber vi deg melde frå så snart du kan. Ta kontakt med Cecilie Jantzen, sjå fana «Kontaktpersonar».

Ved å melde deg på, samtykker du til at vi kan dele informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
18. april 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Hotel Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet