Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet i Bergen

Dato:
13. april 2023 09:00 - 15:30
Stad:
Grand hotel Terminus
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
30. mars 2023 10:00

Det blir samling 13. april. Samling med tilsvarande program blir arrangert på Skei i Sunnfjord 20. april slik at du kan velje kva samling som passar best for deg å delta på.

Publisert 27.02.2023, Oppdatert 08.03.2023

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Tema for samlingane i april blir Ungdom og kvalifiseringsprogram. Det blir innlegg frå Statsforvaltaren, erfaringsdeling frå prosjekt i Nav og casearbeid/erfaringsdeling i grupper.

Dersom du har erfaringar med ungdom og kvalifiseringsprogram du kan tenke deg å dele i form av eit eige innlegg på samlinga, vil vi legge til rette for det i programmet. Ta i tilfelle kontakt med oss seinast 10. mars. 

Endeleg program for samlinga kjem i veke 12.  

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er desverre full. Ta kontakt med Cecile Jantzen på e-post, med kontaktinformasjon, dersom du ønskjer å stå på venteliste. 

Det er gratis å delta på samlinga. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 12. til 13. april. 

Påmeldinga er bindande. Avmelding innan 31.03.2023. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
13. april 2023 09:00 - 15:30
Stad:
Grand hotel Terminus
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
30. mars 2023 10:00