Matsikkerheit og beredskap på dagsorden

Pandemi, klimaendringar, krig i Ukraina og auka prisar på både gjødsel og energi har gitt stor auke i matvareprisar. Matsikkerheit er logisk nok blitt eit sentralt beredskapstema, og jordvern blir ein viktig del av dette. Nå kan kommunane søkje om tilskot til arbeid med jordvernstrategi.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2022

I omtale frå NIBIO blir det framheva at matmangel kan bli ein realitet også i våre nærområde, og at vi fram til nå har teke god tilgang på mat som ein føresetnad. Matvareprisane har auka med 30 prosent. Matvarer er forskjellig frå alle andre varer. Nils Vagstad peikar på at matvarer og vatn, har potensial til å bli politisk dynamitt.

Jordvern meir på dagsorden

Det å sikre mat er eit meir komplekst tema enn det å sikre matjorda. Men jord er samstundes ein føresetnad for matproduksjon. I artikkelen frå NIBIO blir det hevda at er ein manglande kopling mellom maten og jorda og jordbruket. Dette gjer blant anna at bonden i dag ofte står ganske åleine når det gjeld å forsvare jordbruksareala mot endringar. Jordvern er nå sett høgt på dagsorden, m.a. med eige jordvernbrev frå Regjeringa. I brevet blir kommunane utfordra til å gå gjennom arealstatus i samband med revisjon av kommuneplanen, og vurdere å ta ut byggeområde som er planlagd på dyrka jord. I brevet blir det elles peika på at dei beste jordbruksareala bør ha best vern. Det er nyleg gjort kjent i ein rapport frå SSB at det i Noreg samla sett er godkjend 83 000 dekar til bustad- og næringsføremål på dyrka jord som ennå ikkje er bygd på. Det bør slik sett vere potensial til å ta ut areal.

Tilskot til kommunal jordvernstrategi

Eit av tiltaka i den nasjonale jordvernstrategien er å etablere ei tilskotsordning for kommunar som utarbeidar ein kommunal jordvernstrategi. Ordninga er nå lyst ut og kommunane kan søke om støtte på kr 100 000 innan 30. juni 2022. Vi vil kome med meir informasjon knyta til denne ordninga.

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner